• Maskineriet laga rare lydar og viste vilje til arbeid, men ville ikkje gå slik ein vinsj skal gjera når han får rette dosen steam. Vitale punkt fekk meir smørjeolje, trykklufta vart forsiktig sleppt på igjen og hjula byrja sviva. Ei god oppleving, kan du tru.

STEINAR HYSTAD

Han smiler optimistisk JAN HELGE JOHANNESSEN der han står med hendlane til vinsjen som styrer ankerspelet i baugen på «Stord I». Ikkje sidan før den sterkt øydeleggjande brannen om bord i mai 1987 har det vore liv i maskinen .

No sviv han og viste sin styrke med å letta ankeret då skuta nyleg bytta stabilt kailege med rak kjølståing i tørrdokk – stadig ved Mjellem & Karlsen Verft. Eit tjukt belegg blåskjel under vasslinja er fjerna med høgtrykk og når skroget igjen flyt er propellen atter under akterstamnen.

Nordsteam 2005

— Propellen vart tatt på land på Stord etter brannen og har hatt opphald i det Maritime Museet på Leirvik, men er på veg til Bergen og montasje.

Med firebladaren på plass, kjem akslingen etter og så kan dampmaskinen som har stått i venteposisjon på klossar i lengre tid teitast til. Då har me teke nokre solide steg mot det første store målet vårt, nemleg å styra inn på Vågen for eigen maskin som ein del av programmet for Nordsteam 2005.

Laurdag og som regel eit par tre kveldar i veka er du garantert å treffa bussjåfør Jan Helge Johannessen, med bustad i Fyllingsdalen, over eller under dekk på «Stord I». Ofte med brenneapparat i hendene. Siste års framdrift i oppbygginga av dampen har spora Johannessen til ekstra dugnadsinnsats. Vel 900 timar siste 13 månader fortener karakteren særs godt når det gjeld vilje og oppslutnad for å få HSD-travaren sjøklar. I vinter har det vore mykje arbeidd med å leggja ståldekk som branntrygt underlag for nytt tredekk. På same vis som det er gjort på Statsraaden.

Høg aktivitet

Fyllingsdølen sin Stord I-iver har ikkje alltid vore like gedigen:

— Eg stod tilfeldigvis på Puddefjordsbroen då båten vart slept til verkstaden her for si første oppbygging i 1981. Lurte på heile prosjektet, for det var ikkje eit særleg vitalt farty som seig til kai. Men eg vart forviten, kikka nærare på skuta og snakka med folk og ganske snart hadde «Stord I» fått taket på meg. Då det nærma seg seglingsklart skip midt på 80-talet var aktiviteten min så høg og ofte om bord at det kom spørsmål i heimen om kven eg eigentleg hadde svart ja til.

«Gamle gode Stord I, steamen frå di pipa gjer mangt eitt mannaauga vått», syng Magne Skorpen i ein feiande frisk rockelåt tileigna dampen.

Strofa gir eit godt biletet av stemninga om bord på jomfruturen 9. mai 1987. Endeleg kunne entusiastane kasta loss og føla resultatet av seks-sju års friviljug arbeid. Gleda skulle ikkje vara så lenger. Tårer av det sorgtunge slaget kom i mange mannsaugo då dei fekk sjå den totalskadde veteranbåten etter brannen om bord natta til 21. mai. Sterke ønskje om å skru ut botnventilen og søkkja skroget nord i Langenuen, sa styresmaktene nei til.

Eigen damp

Jan Helge Johannessen er som eit leksikon når det gjeld «Stord I» og soga om HSD-skipet som vart sjøsett ved Laksevåg verft i 1913. Han var med på jomfruturen, og måtte forlata den brennande båten mainatta for 16 år sidan, men han forlet aldri skuta heilt og totalt. Sakte har restaureringsarbeidet skride fram og Johannessen og hans kollegaer i Veteranskipslaget hadde lenge vona at dei i år kunne fyra opp kjelane om bord og gå for eigen damp som ei markering av 90 årsdagen for fjordtravaren. Det gjekk ikkje.

Heile tida må framdrifta i restaureringa tilpassast pengetilførsla, og det er ingen løyndom at det tidvis har vore meir enn anstrengt økonomi i prosjektet.

— Nordsteam 2000 samla vernefarty frå forskjellige land i byen og møtet med så mange herlege båtar og eldsjeler gav meg styrke i trua på at «Stord I» skal ut i fart på ny. Om det ikkje vert fiks ferdig fjordabåt innvendes, så skal han visa seg med røyk i skorsteinen når Bergen er hamn for Nordsteam om to år, seier ein overtydande Jan Helge Johannessen .

I ORDEN: Vinsjen til ankerspelet fungerte fint når me fekk mjuka opp med olje og sette trykklufta forsiktig på, seier Jan Helge Johannessen.<p/>FOTO: STEINAR HYSTAD