Då Thorbjørn Jagland regjerte Noreg sat han på toppen av det som har vore mest vanleg her i landet etter 1971: Ei mindretalsregjering. Statsvitar og professor Trond Nordby har rekna ut at heile 46 prosent av dei lovframlegga Jagland presenterte for Stortinget vart endra i parlamentet. Det er visstnok rekord. Når vi samanheld denne enkle statistikken med Thorbjørn Jaglands mange sukk over at han gong på gong vart overkøyrd av stortingsfleirtalet, så gir biletet meining. Det førte som kjent til at Jagland ikkje såg syn med å regjera vidare på slike vilkår, og i valkampen 1997 bad han folket om ein klapp på skuldra: Minst 36,9, eller så ville han gå av. Folket reagerte med å ta frå Jagland denne kalken og overlata han til Bondevik.

Også Jens Stoltenberg vart irettesett av Stortinget i ein grad som vil bli hugsa. Han laut gå til sentrum for å få statsbudsjettet gjennom, og no visste Bondevik — som var sur fordi han vart kasta på gasskraftsaka - sin pris. Rekordmange milliardar vart flytta på, og det opphavlege budsjettframlegget frå Stoltenberg-regjeringa var knapt attkjennande.

Stortingets klo

Men det stoggar ikkje der. Etter at Bondevik tok over som statsminister for ei Høgre-dominert regjering har han fått merka Stortingets klo. Særleg det såkalla barnehageforliket har skapt vanskar i forholdet mellom statsmaktene. For stortingsfleirtalet, samansett av Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet, instruerte regjeringa til å syta for full barnehagedekning samstundes som prisen på ein barnehageplass skal halverast. Korleis gildet skal betalast? Nei, det overlet fleirtalet til Bondeviks mannskap å finna ut av.

Det er her stortingsregjereriet kjem inn. Det ordet var knapt i bruk så lenge Gro Harlem Brundtlands mindretalsregjeringar styrte landet. I 1993 forlet ei rekkje markante politikarar det parlamentariske livet på Løvebakken til fordel for ei sivil karriere. Kristin Clemet sa takk for seg. Sissel Rønbeck sa farvel til politikken etter å ha uttala at «Stortinget har mistet mye av sin selvrespekt og driver spill for galleriet ... For å øke tilliten til politikere må vi bli mer opptatt av resultater ...». Frps Pål Atle Skjervengen sa det slik: «Politikken er ikke et blivende sted for meg personlig slik Stortinget er organisert».

Stortingets svake stilling

Den 29. september 1996, kort tid før Harlem Brundtland overlet statsstyringa til Thorbjørn Jagland, skreiv Verdens Gang på leiarplass: «I tiden etter at parlamentarismen ble innført, har Stortinget neppe hatt en så svak stilling i norsk statsliv som det har nå». Det var kanskje å ta hardt i, men det var ikkje så langt frå sanninga.

Så tok Jagland over som statsminister, og derifrå og ut har sanneleg Stortinget visst å visa kor makta sit. Det siste er at stortingsfleirtalet vil løyva ein halv milliard kroner til støtte for folk som har vanskar med å betala straumrekninga si. Korleis det skal finnast dekning for løyvinga? Nei, det får regjeringa finna ut av på eiga hand.

Dei har rett som seier at Sosialistisk Venstreparti har ei lang soge som eit populistisk parti som alltid har nøgda med pengar til alle gode formål. Det er lettare å budsjettera etter behov enn utfrå det som faktisk finst av pengar. I så måte liknar dei på Framstegspartiet.

Hønsvald og Cuba

Det nye i situasjonen er at Arbeidarpartiet er blitt med på leiken. Jens Stoltenberg, som har vore både finansminister og statsminister, tillet i eigenskap av parlamentarisk leiar at partiet er med på å instruera regjeringa i barnehagesaka - og no i straumsaka. Det er fleire enn Dagens Næringsliv som finn det komplett uforståeleg.

Då var det andre tider i Einar Gerhardsens glanstid, då det var den hønsvaldske parlamantarismen som rådde grunnen. I 1959 vart Ap-regjeringa utsett for massiv kritikk for våpensal til Cuba. Kritikken var sakleg begrunna, og regjeringa kunne gå med på at det hadde skjedd kritikkverdige ting. Men kunne dei godta eit mistillitsforslag mot ein eller fleire statsrådar?

Så langt ifrå. «Det finnes ingen situasjon. Vi har rent flertall», uttalte Nils Hønsvald, og viste for all verda kor lite Stortinget hadde dei skulle ha sagt.

All makt i stortingssalen

Vi er mange som er svake for Johan Sverdrups «All makt i denne sal». Stortinget tiltek seg den makt Stortinget vil. Men i statsstyringa er det ein fordel at prinsippet om deling av makta ikkje blir undergrave. Då påkviler det fleirtalsregjeringar å sjå til at dei ikkje audmjukar Stortinget i utrengsmål. Samstundes må Stortinget ha magemål og ikkje overstyra ei mindretalsregjering som gjer så godt ho kan.

Det verste med stortingsregjereriet er naturlegvis at heilskapen blir borte. Skiftande stortingsfleirtal utan ansvar for heilskapen kan gjera einskildvedtak som gjer uboteleg skade for den regjeringa som skal sjå til at politikken heng i hop. Når populismen tek overhand i Stortinget blir det langsiktige perspektivet borte.

Det bryr ikkje Carl I. Hagen seg det minste om. Han ser det utelukkande som ein fordel at makta er ført tilbake til Stortinget, og han trivst som fisken i vatnet der han plaskar omkring og påfører regjeringa det ein nederlaget etter det andre. Det kan vera høveleg straff for at Bondevik & Co. nekta å gjera han til president.

STORTINGSREGJERERI: Jens Stoltenberg er no med på å instruera Bondevik-regjeringa endå ein gong. Skaper han ris til eigen bak - ein gong i framtida?