Med musikk, appellar og eit langt fakkeltog markerte skuleelevar, fagrørsle, politikarar og privatpersonar avsky mot nazidrapet i Oslo, mot vald og framandfrykt. Ordførar Magne Rommeveit (Ap) tok i ein appell til orde for å vurdera forbod mot nazistiske organisasjonar. Han gjekk fremst i fakkeltoget saman med leiaren i barne— og ungdomsrådet, Alice Åsheim.

MOT RASISME: Den antirasistiske markeringa samla 2000 menneske i Leirvik sentrum. (Foto: Ove Olderkjær)