Uendelege kornåkre, blomstrande fruktgardar, gule solsikkeenger. Rismarker, terrasselandbruk og lyngheier. Alt er kulturlandskap, forma av menneskehand.

Men naturen formar oss, også. Menneske og natur er gjensidig avhengige av kvarandre, og dette samspelet er tema for ein ny, internasjonal dokumentarserie frå Bergen om verdas kulturlandskap.

Serien «Av jord er du kommet» har ein prislapp på kring fem millionar kroner, og kjem til å rulle over norske tv-skjermar neste haust.

NRK Riks og Universitetet i Bergen skal lage til saman fire program med reportasjar frå heile verda.

Frå Vestlandet til Kina

— På same måte som naturen er kjelde til næring, gjev naturen også næring til meining, forklarar Gunnar Håland, professor i sosialantropologi.

Håland er ein av bergensforskarane som er med i serien, og han skal blant anna ta tv-sjåarane med til Nepal, Tibet, Sør-Kina, Etiopia og Peru.

Med utgangspunkt i notida får vi døme på både svedjebruk, vatningsjordbruk, husdyrhald, nomadisme og jarnutvinning, som er sentrale tema i «Av jord er du kommet».

— Både i Afrika og Asia møter vi dessutan lokale ekspertar med hovudfag eller doktorgrad frå Universitetet i Bergen, seier Håland til BT.

Men programskaparane skal også vise oss europeiske kulturlandskap, frå fargesprakande tulipanåkre i Nederland til trelause lyngheier på Vestlandet.

Salssuksessar

NRK og Universitetet i Bergen har satsa stort på faktadokumentarar to gonger tidlegare - med stor suksess.

Den første, «En reise i vannets historie», er selt til nær femti land. Den andre, «Blå rikdom», handlar om hav og fiske, og er blitt vist i kring tretti land.

Den nye serien om kulturlandskap blir bygd over same lest som forgjengarane.

— Å selgje norskproduserte program til utlandet er ikkje lett. Men dette viser at vi kan konkurrere på den internasjonale markaden, noko som inspirerer oss til å stå på vidare, seier programsjef i NRK Riks, Kjell Jarle Høyheim, til BT.

— Men utan universitetet som samarbeidspartnar hadde det ikkje vore mogleg å lage denne typen program. Skulle NRK samle inn all informasjon sjølv, hadde vi brukt fleire år.

KULTURLANDSKAP: NRK og Universitetet i Bergen skal samarbeide om ein stor dokumentarserie om kulturlandskap i verda. Her eit heimsleg motiv frå Radøy.

ARKIVFOTO: HELGE SUNDE