Av Sigurd Solberg, Hordaland RV

Regulering av forbruk med topris-system var velkjend. Ulempene ved den norske energibruken var også godt kjende: Med mykje, billeg kraft sløsar folk med energien. Altfor mykje av rom— og vatnoppvarminga går med elektrisitet, medan ho burde gå med energi av lågare kvalitet (varmepumper, bioenergi, spillvarme, mv).

I 1990 vart energiforvaltninga liberalisert. Norge var av dei fyrste i verda som gjorde dette, og det vart gjort av eit samrøystes storting. Frå då har energi vore ei vanleg vare og handelen er styrt på vanleg måte etter profitt. Krava til tørrårssikring er oppheva. Samtidig er samfunnsstyringa i retning gode miljømessige energiløysingar og energisparing nesten stoppa. Investeringane i linjenettet er gått ned. Dei verkelege investeringane er reine finansinvesteringar i kraftselskapa. Dei ulike regjeringane har snakka om reduserte klimagassutslepp og fornybar energi - men opna for meir olje og gass. I 2001 gav Ap/Sp/SV Statkraft - den største, og offentleg eigde aktøren - 16 milliardar for å kjøpe kommunale energiverk og bli ein større marknadsaktør. Høg pris er vurdert av dei store partia som ein naudsynt konsekvens, gledeleg ved at han opnar for gasskraft og tvingar folk til å spara.

Det er sjølvsagt rett at høg pris tvingar vanlege folk til sparing. Men det er ein brutal måte å driva samfunnet på når det treff alle med vanleg eller svak økonomi som eit knyttneveslag midt i fjeset. Du bruker kunnskap og dialog til å løyse problem, ikkje knyttneve. Den gode energiløysinga inneheld også sparing og omtanke, men han treng ikkje slå folk overende. Den gode løysinga ligg i å gå vekk frå den spekulative og øydeleggjande marknadsstyringa, over til samfunnsstyring og fornybar energi. Det er mogeleg at også prisen på energi må noko opp, men det treng ikkje vera ein viktig styringsreiskap.

Gjer om energilova - ta vekk marknadsstyringa over energien! Legg ekstra utbytteskatt på energiselskapa og bruk det til å rette opp noko av dei kortsiktige sosiale skadeverknadene av høg energipris. Ta i bruk topris-system for elektrisitet (krev at Norge bryt med EØS). Subsidier varmepumper og andre fornybare energikjelder. Styr energiløysingane gjennom miljøkrav og miljøavtalar. Lag lokale energiselskap som kan drive sikker samfunnsmessig energiforsyning.

Norge har eit svært stort potensial for lett utnyttbar fornybar energi. Utbetra linjenett, supplerande vasskraft i småskala, varmepumper, vindkraft, spillvarme, solvarme og bioenergi kan gi minst 45 TWh eller eit tillegg på ca 40 prosent til den norske elektrisitetsforsyninga. Dei store energiselskapa - og dei politiske venene deira - lurar no i buskene. For dei er berre gasskraft og bruk av fossilt brensel den verkelig gode løysinga. La dei ikkje sleppe til!