Av Torill Selsvold Nyborg,KrFs gruppeleiar i Hordaland Fylkesting

Arne Jakobsen sausar saman mange ting i innlegget sitt for å latterleggjera KrFs satsing på kollektivtrafikk. Som ventandes kan vera, har han ikkje heilt fått med seg kva KrF har gjort. Her er eit par tiltak:

I statsbudsjettet for år 2000 foreslo KrF 77 millionar kroner som tilskot til ekspressbussar. Det var ein kompensasjon for autodieselavgifta.

KrF var med og stoppa effektiviseringskravet på fem prosent for kollektivtrafikken som den hadde vore utsett for i mange år. Det gjorde at løyvingane auka.

I statsbudsjettet for år 2001 hindra KrF at det vart innførd moms på kollektivtrafikken, slik regjeringa ville. Og i tillegg vart det løyvd 190 millionar kroner ekstra til kollektivtrafikken.

KrF erkjenner at dette er langt frå nok. Derfor vedtok landsmøte ei ytterlegare satsing på kollektivtransport. KrF vil kutta prisane med 25 prosent over to år, og i same periode redusera billettprisane til studentar under 30 år til halv pris. Det siste er vi allereie i gang med her i Hordaland, og eit samla fylkesting står bak.

Dei siste åra har støtta til kollektivselskapa vorte redusert. Det har dei reisande måtta betalt for gjennom stadig dyrare billettar. Derfor er det viktig for KrF å gjera noko både med prisar og tilbod. Vi vil auka støtta til selskapa og sikra at dei tenar meir pengar når dei fraktar meir folk.

KrF gjorde det klart i Nasjonal Transportplan at vi vil satsa på kollektivtransporten. Men Regjeringa inviterte ikkje til å ta stilling til drift no. Derfor har korkje KrF eller Arbeiderpartiet lagt fram konkrete forslag på det. Det kjem i budsjettforslaget for 2002.

Med unntak av jernbane er det fylkeskommunane som har ansvar for å sikra eit godt kollektivtilbod. Dei får ikkje øyremerka midlar til dette, og dermed må kollektivtrafikken konkurrera med sjukehus og vidaregåande skular om pengane. Vi veit alle at dette har falle uheldig ut for Hordaland, og vi har ikkje makta å satsa det vi skulle på ei effektiv kollektivnæring. For KrF er det viktig at kollektivtransporten heller konkurrerer med privatbilane. Derfor vil vi flytta dei økonomiske løyvingane over til samferdselsdepartementet sitt budsjett.

Det er ei god investering for samfunnet å subsidiera kollektivtransporten. Eit betre og billigare tilbod vil føra til at mange kan skifta frå privatbil til kollektivtransport. Det kan i neste omgang føra til at behovet for å bygga ut vegnettet i dei største byane vert redusert.

Arne Jakobsen har vore samferdslepolitikar så lenge at han veit at «ting tar tid». Når han påstår at sentrumsregjeringa svikta løftene sine, uttalar han seg på sviktande grunnlag. Sentrumsregjeringa var godt i gang, men så vart bygging av gasskraftverk så viktig for Arbeiderpartiet, at dei tok over regjeringsmakta på den saka. Det sette ein naturleg stoppar for det gode arbeidet som var i gang. Men til alt overmål var det KrF som «redda» Stoltenberg-regjeringa ved siste budsjettforlik i Stortinget! Slå den, Jakobsen!

Kristeleg Folkeparti vil fylgja opp det vi lover. Det kan Arne Jakobsen og alle andre stola på!