Jens Stoltenberg er så visst ingen rasist og ungdomsorganisasjonen hans, AUF, er klare i aktivt arbeid mot fascisme og ny-nazismen.

Likevel har Ap-leiinga sove i ei årrekkje, og det tenar dei lite til ære.

Den sterkt Ap-initierte etteretningstenesta her i landet, POT, dreiv i ei årrekkje, også lenge etter 1980, overvaking av heidersfolk som tidlegare SV-leiar Berge Furre, ufårlege AKP-arar og eldgamle NKP-veteranar. Imens dukka støvlegutta (nynazi) opp i samfunnet utan ei moderne tryggingsteneste til stades.

Siste året har støvlegutta fått gå (upåakta?) i det ekstreme miljøet sitt, medan POT har brukt årsverk etter årsverk på Orienterings-journalisten frå 1962, Stein Viksveen. Vanlege norske borgarar gjev blanke i DDR-styret som hamna på historiens skraphaug alt i 1989. Kva ei slik feilvurdering har førd til, ser me svaret på i desse dagar.

Oppmodinga mi vert kort og godt:

Justisminister Hanne Harlem og resten av Ap-leiinga må ta blikket bort frå tidlegare DDR og andre oppløyste statar. Bruk ressursane på overvaking av det høgre-ekstreme miljøet!

BJØRN LOTHE, FYLKESTINGSREPRESENTANT SV