OLAV GARVIKolav.garvik@bergens-tidende.no

Ei fersk meiningsmåling frå Opinion syner same tendensen for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane som i Hordaland.

Partiet går kraftig attende i forhold til målinga som vart gjort i september i fjor, men held seg likevel langt over nivået på alle tidlegare målingar.

Med 16,7 prosent får Frp dessutan dobbelt så høg oppslutning som ved stortingsvalet i 1997. Då var røystetalet 7,8 prosent.

Den typiske Frp-sympatisøren i Sogn og Fjordane er mann under tretti år, busett i Sunnfjord. Blant Frp-sympatisørane under femti år er det sterk overvekt av menn. Blant eldre Frp'arar er kjønnsfordelinga jamnare.

Ny styrke for KrF Både Arbeidarpartiet og KrF har vunne ny styrke etter den unormale nedturen i fjor haust då Frp med 26,7 prosent brått var største partiet i Sogn og Fjordane. Begge er no større enn Frp.

KrF har på same måte som i Hordaland større tak på veljarane enn det hadde ved valet for fire år sidan. Partiet får no 20,1 prosent og er trygt inne med ein representant.

Etter utrekninga frå Opinion, som har gjort målinga for Bergens Tidende, er KrF til og med nærmast til å vinna sistemandatet frå Arbeidarpartiet.

Ap har reist seg Regjeringspartiet har reist seg etter «fallet» i septembermålinga og får notert 26,2 prosent. Det er nokre prosentpoeng under valresultatet i 1997, men nok til å greia to representantar.

Medan Høgre og Sverre Hoddevik med berre 8,9 prosent ikkje kjem gjennom nålauga denne gongen, kan Senterpartiet og Jorunn Ringstad rekna med å berga mandatet.

Sp får 12,8 prosent, som rett nok er mykje dårlegare enn det partiet fekk i 1997.