Mellom klokka 21 i tysdag kveld og 08 onsdag tok innbrotstjuvane seg inn i butikken Nils Moldestad Elektro på Byrkjelo.

Politiet kunne onsdag ikkje seie nøyaktig kor store summar det er snakk om, bortsett frå at varer for fleire titusen kroner er vekke.

Lensmann Knut Skurtveit i Jølster og Gloppen seier at politiet ønskjer kontakt med folk som kan ha sett noko mistenkjeleg på Byrkjelo den aktuelle kvelden eller natta.