Etter mange år med strid og krangel er det over og ut for Snarveien Barnehage på Minde. Årstad bydel meiner forholda i den private barnehagen har vore uakseptable, og har gått til det drastiske steget å stengje dørene med lova i hand.

Kommunens ankepunkt er mange. Blant anna praktiserte eigarane, ekteparet Bjørn og Janniche Rønhovde, eit forbod mot at barna fekk kome inn og varme seg dersom dei først var gått ut.

Heller ikkje bruk av målesaker inne i huset var tillatt, fordi det førte til griseri og meir golvvask. Uro og bråk vart ikkje tolerert.

Styraren gav opp

Den kommunale stoppordren får full støtte frå den siste styraren, Nina Stavn Jensen. Ho sa opp stillinga si like før kommunen greip inn, etter berre fire månader i jobben.

— Eg kunne ikkje stå inne for den drifta eigarane la opp til, seier Stavn Jensen.

Vedtaket om stenging viser til fleire regelbrot:

  • Bruk av lokale som ikkje er godkjende
  • Fleire barn enn tillatt
  • Mangel på pedagogar blant dei tilsette
  • For dårleg pedagogisk opplegg for barna
  • Manglande oppfølging av kommunale pålegg om utbetringar

Følte seg trakasserte

Barnehagen hadde den siste tida 30 ungar. Kommunen gav dei før jul ein snau månad på å avvikle.

Fleire foreldre hadde då lenge vore uroa over drifta.

«Det har vært uttrykt en klar usikkerhet fra foreldre på om barna deres har det bra i barnehagen,» heiter det i stengingsvedtaket. Foreldre som tok opp problema har ifølgje kommunen følt seg trakasserte av innehavarane.

— Eg trur ingen barn har hatt det fysisk vondt. Men drifta representerte eit syn på barneoppdraging som eg ikkje kunne stå inne for, seier eks-styrar Stavn Jensen.

Fekk ikkje foreldrelistene

Kommunen hadde også problem med å få stengingsvedtaket sett ut i livet. Alle foreldra vart ikkje orienterte om at det var slutt, og kommunen fekk heller ikkje utlevert lister slik at dei sjølve kunne informere foreldra.

Den dagen stoppfristen gjekk ut, 7. januar, var det framleis full aktivitet i huset. Då Bergens Tidende var utanfor i går, var ingen barn å sjå.

— Eg har aldri vore borti noko liknande. Det er alvorleg når barn ikkje får den omsorgen dei skal ha. Difor måtte vi gripe inn, seier bydelsdirektør Ågot Himle i Årstad bydel.

Dersom eigarane framleis prøver seg på drift utan løyve, vil ho gå til politiet med saka.