Trass i stadige skandalar, mellom anna forfalsking av data, elendige tryggingsrutinar og hemmeleghaldne utslepp, inkludert den verste atomkraftulukka før Tsjernobyl, så har dei britiske styresmaktene trassa alle protestar og krav om stenging.

Rett nok såg det ei stund ut som om det massive internasjonale presset skulle føra fram då engelskmennene i 1998 lova å redusere utsleppa med 80 prosent før utgangen av 2001. Men dette løftet er dei no i ferd med å gå ifrå, for mykje tyder på at Sellafieldanlegget kan få løyve til å auka utsleppa monaleg fram til 2006. Dette for å redda arbeidsplassar og eit selskap (British Nuclear Fuels Ltd) som er i ferd med å gå konkurs.

Det er verdt å merke seg at signala om auka utslepp kjem samstundes som nye granskingar syner at den radioaktive ureininga er seksdobla i norske kystområde dei siste fem åra. Utan tvil er gjenvinningsanlegget i Sellafield årsaka.

Vårt krav er at den norske regjeringa straks gjer det klårt for britiske styresmakter at ureininga må stoggast, og at dette berre kan skje ved at Sellafieldanlegget vert stengt for godt. Fortsatt drift må reknast både som ei uvenleg handling og som alvorleg miljøkriminalitet.

OLE HAUGAN,BERGEN OG HORDALAND NEI TIL ATOMVÅPEN