Ei ambisiøs målsetjing, i eit samfunn med stadig tydelegare etniske, religiøse, kulturelle og økonomiske skilje. Den offentlege skulen er einaste arenaen i samfunnet der alle barn og foreldre må møtast.

No — etter eit halvt år - pressar regjeringa Bondevik gjennom friskule-lova. Retten til å skilje ut eigne barn vert lovfesta. Som om det var ein menneskerett å få sleppe å vere i lag med dei som er annleis enn seg sjølv: Dei som kan mindre matematikk, har foreldre med dårlegare økonomi, ser annleis ut eller har andre interesser.

Men ingen blir fri av å kjøpe eksklusive rettar for seg og barna sine.

Barn er inga vare. Å stenge dei ute frå det samfunnet dei seinare skal leve i, er å gjere barna ei bjørneteneste. Resultatet kan ikkje bli anna enn mindre forståing og auka mobbing.

Landsmøtet i KrF vedtok nyleg å styrke den offentlege skulen.

No går partiet Frp sitt ærend - og innfører ein betalingsskule etter stykkpris. Kvar krone skal takast frå skuleverket i kommunen. Slik svekkar regjeringa den offentlege skulen. Det vil tvinge fram nye nedskjeringar og auka skulesentralisering.

Å ta pengar frå den skulen der alle har ein lovfest plass - og overføre midlane til fri-skular for dei utvalde - er kort og godt ein gufs frå fortida. Bondevik-regjeringa seier dei er urolege for fattigdomsproblema. No leverer KrF oppskrifta på auka sosiale og geografiske skilje i landet vårt.

KrF har gjeve seg inn på eit skulepolitisk dobbeltspel utan sidestykke. Partiet står ribba for truverd - på sitt eige kjerneområde: Familie og omsorg. For KrF si heilomvending rører ved alle som har, eller skal ha barn i norsk skule.

TORODD FAGERHEIM