OVE A. OLDERKJÆRStord

Statens nærings— og distriktsutviklingsfond (SND) reiste sak mot Fokus med påstand om at banken ville sikra sine eigne interesser på kostnad av dei andre deltakarane i den finansielle bergingsaksjonen for Th. Hellesøy Skipsbyggeri i 1999. SND ønskte 1.proritetspantet frådømt Fokus og tilbakeført SND.

Bergingsaksjon SND gjekk våren 1999 med på å vika prioritet i "Nye Årsnes" industriområde til fordel for Fokus Bank, under føresetnad av at banken gav ulike lån og kredittar verd 26 millionar kroner. Det var vidare sett som vilkår at Kvinnherad kommune skaut inn sju millionar kroner (med 2.prioritet i Årsnes-arealet) og eigarane fem millionar kroner i redningspakken.

Garantiinstituttet for Eksportkreditt (GiEK), som opphaveleg hadde eit krav på 22,5 millionar kroner mot verftet, gjekk med på å godta ei kontant utbetaling på 1,5 millionar kroner, utbetalt ein månad etter at verftet var sikra eit nytt byggeoppdrag.

Forventa vinst blei tap Finansieringspakken blei ikkje gjennomført etter planen, i hovudsak fordi det siste nybygget utvikla seg til eit underskotsoppdrag i staden for ein forventa overskotsforretning som skulle gje grunnlag for vidare drift. THHS gjekk konkurs i mars i fjor.

SND meinte at Fokus Bank har svikta si informasjonsplikt overfor dei andre deltakaren i bergingsaksjonen. Blant anna skjedde utbetalinga til GiEK på sviktande grunnlag, hevda SND, som også påstod at banken villeia SND til å vika prioritet ved ikkje å betala inn lån som først avtalt.

Fokus Bank har svara at det ikkje var banken si plikt å orientera partane om endra vilkår, men derimot verftet. Dette får banken no fullt medhald i frå Trondheim byrett. Banken er frikjent, og SND må betala Fokus sine sakskostnader med knapt 170.000 kroner.