TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no Sogn jord— og hagebruksskule i Aurland er einaste reine økologiske landbruksskule i landet. No har dei fått beskjed om at løyvinga til drift av skulen vert redusert med 1,2 millionar kroner frå hausten, dersom dei 52 elevplassane ikkje vert fylt opp. I tillegg har skulen fått melding om at dei ikkje får kompensert utgiftsauke som følgje av fjorårets lønsoppgjer.- På bakgrunn av den siste tids landbruksdebatt er dei økonomiske realitetar vi no opplever eit veldig stort tankekors, seier rektor Olav Arnar Bø ved jordbruksskulen i Aurland til Bergens Tidende. Færre elevar Sogn jord- og hagebruksskule er landslinje for økologisk landbruk, og får alt tilskot til drifta frå staten. Redusert søknad er årsaka til at ein stor del av tilskotet kan forsvinne. For berre få år sidan hadde den økologiske landbruksutdanninga i Aurland flust med søkjarar. Men dei siste tre åra har søknadstala gått nedover.- Vi meiner det har samanheng med den generelle haldninga om at landbruk ikkje er noko å satse på, seier rektor Bø.I år er det 31 elevar ved skulen som har plass til 52.Alt i fjor haust fekk skulen brev om at midlar som var løyvd for år 2000, ville verte trekt inn. Men pengane var brukte, og staten gjekk tilbake på kravet. Urettferdig Men ikkje lenge etter kom avgjerda om at tilskotet frå hausten vil verte redusert frå dagens ramme på 52 elevplassar til 40, dersom skulen ikkje maktar å fylle opp alle plassane.- For oss vil dette utgjere 1,2 millionar kroner. Det er svært mykje når vi i fjor hadde eit totalbudsjett på 8 millionar, eigne salsinntekter inkludert, seier rektor Olav Arnar Bø.Aurland-rektoren meiner også det er svært urettferdig at ingen av skulane med status som landslinjer, får dekka ekstrakostnadene med fjorårets lønsoppgjer. Andre skuleslag har fått kompensasjon.- Tilskotet per elev har stått uendra sidan 1994. Det seier seg sjølv at dette fører til ein anstrengt økonomi ved skulen. Må forandrast Til Bergens Tidende seier Bø at dei framleis håpar staten skal snu, både når det gjeld kompensasjon for meirutgifter og redusert tilskot. - Vi arbeider sjølvsagt for å fylle opp samtlege elevplassar ved skulen, og har merka aukande interesse no i vinter. Men klarer vi ikkje det, vil skulen komme i ein svært vanskeleg situasjon om signala frå staten vert oppretthalde.Rektoren ved jordbruksskulen i Aurland legg ikkje skjul på at han er frustrert.- Spesielt på bakgrunn av målsetjinga om å auke økologisk produksjon, og den siste tids debatt om utviklinga i landbruket, kjennest det som eit stort tankekors å måtte bruke krefter på å skaffe nok pengar til skulen i staden for kreativ jobbing.