EINAR FØRDE

Eg har klaga meir enn dei fleste over kor dårleg eigar den norske staten er. Politiske eigarar er uinformerte, irrasjonelle, svake for mediestøy og for lite langsiktige i sitt eigarskap. Men eg har også hatt god utsikt til private eigarar i ulike bransjar. Dei er minst like uinformerte, irrasjonelle, svake for mediestøy og for lite langsiktige i sitt eigarskap.

Likevel har eg i tunge stunder meint noko eg i det heile ikkje meiner: For NRK hadde det vore ein føremon om private eigarar kunne ta over. For dei private har to føremon: Dei er meir villige til å satse pengar. Og dei handlar raskare enn folkevalde vedtakstakarar.

Statens eigarskap har i det store og heile vore eit såkalla strategisk eigarskap. Det har ofte oppstått og er blitt grunngjeve med heilt andre argument enn å tene pengar. Nå er det finansielle eigarskapet på mote. Det er avkastinga av investeringar som bør vere det viktigaste grunnlaget for eigarens handlingar. Frå tid til anna har de derfor høyrt direktørar i statsbedrifter ønskje seg eit finansielt eigarskap. Det gir meir makt til direktørane, mindre innsyn i kva dei driv med og dei slepp å bli blanda inn i tidkrevjande politiske prosessar.

Den såkalla globaliseringa har ført til at makta i stigande grad blir flytta til styrerom og andre rom i fleirnasjonale bedrifter. I artiklar om globaliseringa kan vi nå lese at 51 av dei største økonomiske einingane i verda nå er slike bedrifter. Berre 49 er nasjonalstatar. Til og med General Motors som for ein stor del driv med noko så gamalmodig som å lage bilar, har ei større årleg omsetjing enn det norske bruttonasjonalproduktet. Ser vi på dei som styrer i desse verdshistorias største økonomiske einingar, må vi bli slått av kor mykje av makta som er strategisk makt, sjølv om den kanskje ofte er forkledd som finansiell investering.

Dette er pengemaktas vedtakssystem. Grunnlaget for det er eigedom, slik røysteretten og myrmannssystemet var organisert i vårt eige vesle land før det politiske demokratiet fekk sitt endelege gjennombrot. Dei demokratiske institusjonane taper makt i slik utstrekning at mange i denne utviklinga finn hovudårsaka til dårleg valdeltaking, synkande partimedlemskap og politisk likesæle i alle såkalla utvikla land.

Systemkritikken mot globaliseringa aukar for kvar dag. Nyleg var ekspresident Clinton ute og foreslår sterkare globale institusjonar. Vi kan ikkje ha eit globalt handelssystem utan global økonomisk politikk, global helsepolitikk, global miljøpolitikk, global utdanningspolitikk og global tryggingspolitikk. Seier han nå. Milliardæren George Soros har igjen gitt ut bok der han går inn for storstilt overføring av velstand frå rike til fattige land og eit sterkare moralsk engasjement frå særleg dei store nasjonalstatane. Eg har tidlegare skrive om korleis mange av dei fleirnasjonale selskapa endrar åtferd for å komme kritikken i møte. Denne åtferdsendringa er basert på strategiske og berre indirekte på finansielle synsmåtar. Noko er i ferd med å skje. I ei av dei siste utgåvene av tidsskriftet New Science las eg at mest 40 prosent av nasjonalformuen i USA nå er eigd av éin prosent av hushaldningane. I 1970 var det tilsvarande talet 20 prosent.

Globaliseringa har på dramatisk vis endra 60 års utvikling med utjamning av levekår og ført til mykje større ulikskap. Stansar ein opp litt ved slike tal, forstår ein at einskilde kan oppfatte situasjonen som revolusjonær. Den einaste statistikken som syner tilsvarande dramatisk endring over dei siste tiåra, er auken i talet på innsette i fengsla. Nokon meiner at det er samanheng her.

I dette globale perspektivet er faktisk vår heimlege eigarskapsdebatt og Norge meir enn vanleg interessant. Vi er eit lite land som når det gjeld finansielle ressursar, kjem nokså høgt i verdshierarkiet. Vi har økonomisk handlingsrom. Organiseringa av vårt økonomiske og politiske system kan ha større smitteeffekt enn vi trur. Eigarskapsdebatten i Norge er dessutan unik fordi alle, også dei mest framståande i det private næringslivet, innser at staten må spele ei rolle på eigarsida også i framtida. Berre Høgre har framleis nokon element av gamal dogmatikk der avskaffing av statleg eigarskap har ein eigenverdi. Framstegspartiet samarbeider med venstresida i å sette bom for stort statleg nedsalg i nokre av dei norske hjørnesteinsbedriftene og i energisektoren. Deira standpunkt er heilt logisk. Framstegspartiet er ennå ikkje invitert inn i styreromma og vedtakssystema i det private næringslivet. Derimot held dei på å få ein viss posisjon i det folkevalde systemet. Politiske parti er organismar som automatisk vil søke makt for seg sjølv og dei delane av folket dei føler dei representerer. For Frp går vegen til det gjennom politikken.

Vår heimlege eigarskapsdebatt har lenge vore dominert av eit par halvsanningar. Ei av dei er at utalandske eigarar og børsane rundt om i verda ser det store statlege eigarskapet i Norge som noko eintydig negativt. Det har aldri vore heilt sant. Det kan også komme til å bli mindre sant etter kvart. Ei anna er at Norge ikkje har noko val når det gjeld å plassere sine reservar på den måten vi har gjort det dei seinaste åra. Finansdepartementet og dei andre som driv med offentleg pengeflytting, har overtydd ulike regjeringar og storting om at den internasjonale eigarstrukturen er slik at vi ikkje kan unngå å bli involverte i etisk tvilsam verksemd. Alle eig litt av alle, seier dei. Derfor må den norske staten bli medansvarleg for barnearbeid og klasebomber. Det er ikkje vakrare når Finansdepartementet seier det same som mafiaen alltid har sagt. Men det er heller ikkje sant. Det er sjølvsagt ein politikk som kjem til å bli stansa og endra. Avkastninga av desse storstilte globale plasseringane er ikkje meir imponerande enn dei bør vere. I mangt er norsk statleg eigarskapspolitikk prega av noko som Kåre Willoch betre og meir presist enn nokon annan har karakterisert når han seier: Vi gir frå oss noko vi ønskjer, for å få noko vi ikkje treng. Det er ikkje kapital Norge først og fremst manglar.

Føresetnaden for at ein ny statleg eigarskapspolitikk skal fungere, er at vi greier å organisere den statlege eigarrolla betre og meir effektivt. For meg kan mykje av det som i dag er statleg eigarskap til produksjon av varer og tenester gjerne privatiserast eller reduserast. Men vår sterke økonomiske posisjon og våre finansielle ressursar burde kunne utnyttast til noko meir målretta enn i dag. Min kjepphest er at staten har eit særleg ansvar for å syte for nasjonalt eigarskap til dei institusjonane som bind oss saman og som er føresetnaden for at vi er eit folk og ein nasjon. Dette er ofte institusjonar som har ansvaret for vår kultur og vårt språk. Elles burde vi satse våre pengar på å spele ei viktig rolle i Europa og verda på eitt eller i høgda to område. Dei opplagte satsingsområda er energi og kanskje fisk. Føresetnaden for at vi skal kunne utøve eit slikt eigarskap på energiområdet, er vel ei samanslåing av Statoil og Hydro. Men det er også at vi ser olje— og gassverksemda i samanheng med energiproduksjon elles. Den norske staten har finansiell styrke til å kjøpe nær sagt kva det skal vere.

Ein statleg eigarskapspolitikk bør utformast slik at han ivaretek våre nåtidige og framtidige økonomiske interesser samstundes som han kvittar oss med arven frå byråkratisk og omstendeleg politisk detaljstyring. Ein slik politikk ville bli møtt med entusiasme ikkje berre her heime, men kanskje også i verda elles slik ho nå ser ut.