TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noBergens Tidende har tidlegare meldt at arbeidet med å utbetre flaskehalsen frå Seltun til Voldum ville starte i haust, og dette vart i går stadfesta av samferdsleminister Terje Moe Gustavsen.I første omgang skal kraft— og telefonlinjer leggjast om, riggområdet skal klargjerast og arbeidet med tunnelpåhogget ta til. Sjølve arbeidet på tunnelen som skal fjerne den svært dårlege vegstrekningen på hovudvegen mellom Bergen og Oslo, kjem ikkje i gang før neste år. Prosjektet omfattar to tunnelar på 1,5 og 3 kilometer. I tillegg skal det byggjast ny bru over Lærdalselvi. Kostnadsoverslaget er på 275 millionar kroner. Den nye vegen skal etter planen opnast for trafikk i 2004. Samferdselsdepartementet går også inn for at arbeidet med vegprosjektet Knapstad - Kvalvik, på riksveg 5 mellom Førde og Florø, skal ta til i haust. Dette er ein del av opprustinga av vegen dei to byane i Sunnfjord. Prosjektet omfattar 3,3 kilometer ny riksveg utanom tettstaden Eikefjord. Kostnaden er kalkulert til 70 millionar.