Prosessen med samling på Vestlandet tok til alt hausten 1998. I vår gav så fylkestinga grønt lyst for å starte utgreiingsarbeidet.Målet for utgreiinga skal vere å sjå på korleis eit meir forpliktande samarbeid kan utviklast mellom dei tre fylka. Men utgreiinga skal også fokusere på om det er grunnlag for samanslåing. Dette har Sogn og Fjordane reservert seg mot.— Denne delen av utgreiingsarbeidet kjem difor til å konsentrere seg om samanslåinga av Hordaland og Rogaland, opplyser direktør for regional utvikling i Hordaland, Jan Per Styve. Han samordnar utgreiingsarbeidet.Det praktiske arbeidet skal gjennomførast av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforskning. Arbeidet skal leiast av ei styringsgruppe med fylkesordførarane Roald G. Bergsaker (Rogaland), Gisle Handeland (Hordaland) og Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane) i spissen. Også fylkesvaraordførarane og opposisjonsleiarane i dei tre fylkestinga skal vere med i styringsgruppa.Arbeidet skal vere avslutta innan årsskiftet. Deretter startar den politiske handsaminga i dei tre fylka, med sluttbehandling i fylkestinga i mars neste år.