Det er vegdirektør Olav Søfteland som foreslår dette i ein høyringsuttale som no vert sendt ut til vegkontor, fylkeskommunar og kommunar. Konkret foreslår vegdirektøren stamvegstatus for rv. 13 frå Jøsendal via Odda og Kinsarvik til Voss, og for rv. 7 frå Hønefoss over Hardangervidda til Granvin.

Viktigaste ruta

Vegdirektøren grunngjev dette med at rv. 7 mellom Voss og Hønefoss framleis er den viktigaste ruta mellom Bergen og Oslo, sjølv om Lærdalstunnelen har ført til ei viss overføring av tungtrafikk til E 16 og rv. 52.

Rv. 13 har og vorte viktigare i stamvegsamanheng etter opninga av Lærdalstunnelen, skriv Vegdirektøren.

Dagens stamvegar i Hordaland er E 16 Bergen-Voss mot Fjærlandstunnelen, E 39, Kyststamvegen og E 134 Åkrafjorden-Haukeli.

Prioritering av Oddadalen

Vegsjef Ole Chr. Torpp seier til Bergens Tidende at han er svært nøgd med forslaget frå vegdirektøren.

— Dette fører til at heile Hordalands-ringen får stamvegstatus. Det betyr og at den nye vegen gjennom Skjervet på rv. 13 vert stamveg, og eg trur at dette kan føra til ei høgare prioritering av ny veg gjennom Oddadalen, seier vegsjefen. Forslaget vert også svært godt motteke indre Hordaland. Ordførarane i Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda helsar forslaget velkome i ei felles pressemelding.

Vegdirektoratet meiner og at rv. 52 over Hemsedalsfjellet frå Gol til Borlaug bør verta stamveg.

Stortinget neste vår

Dei endelege forslaga til endringar i stamvegnettet, som omfattar heile landet, vert venteleg lagt fram for Stortinget våren 2003. Målet er at endringane skal gjennomførast frå 1. januar 2004.

Forslaga til omklassifisering er eit resultat av at staten arbeider med ei todeling av vegnettet, der ein del fylkesvegar går over på det kommunale vegnettet, og resten vert klassifisert som riksvegar.

Jondalstunnelen riksveg

– Dette vil føra til at Jondalstunnelen går over frå å vera eit fylkesveganlegg til eit riksveganlegg. Det vil seia at fylkestinget må prioritera Jondalstunnelen i høve til alle dei –andre riksvegoppgåvene i fylket, seier Olav Søfteland.