KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.no

Då møtet var ferdig på bedehuset på Holsnøy ved 13-tida, vart det oppdaga at ei handveske var forsvunnen. I den låg pengane frå kollekten, 700 kroner frå eigaren av veska og ein mobiltelefon.

Den frekke tjuven har truleg komme seg inn i bedehuset etter møtet, medan møtedeltakarane rydda opp.

— Vi har ein mistenkt, og vedkommande var ikkje deltakar på møtet, seier lensmannsbetjent Are Yppheim ved Lindås og Meland lensmannskontor.

Den mistenkte er førebels ikkje avhøyrd, og pengane er ikkje komme til rette.