Det var den 80 år gamle tidlegare dommaren som tusla rundt og stelte for den litt meir uføre kona si. Han hadde med tida vorte nøydd til å ta over nokre av hennar huslege plikter. Men begge gav dei inntrykk av å vera vakne og fullt i stand til å leva eit «fullverdig» liv. Det er likevel noko annleis frå då dei var unge, seier mannen i huset. Han er ikkje nøgd med å ha vorte gammal, stakkar. Eg ønskjer å døy, seier han, og meiner at folk som vil døy må få lov. På kommoden deira er bilete av dei søte barnefjesa til etterkomarane. Dei er tydelegvis ikkje nok til å motivera 80-åringen til å leva. «Det er ikkje noko liv å bli mata med skei,» seier han, med tanke på dagar som kan koma.

Kva for eit menneskesyn er det denne oppegåande pensjonisten representerer? Er det ikkje mogeleg å leva godt om ein vert gammal og treng hjelp? Skal me måla eit menneskes verdi ut ifrå arbeidskapasitet? Kva hadde han venta seg, denne mannen, som etter ein pen jobb fekk så mykje fritid mellom hendene? Han er enno før i kroppen og klar i hovudet, hadde han venta seg å bli underhalden? Slik at han slapp å fylle dagane sine sjølv, og koke kaffi til kona?

Eg vert arg på vegner av alle millionane i verda som slit med å halde seg i live kvar dag, utan nokon gong å nå pensjonsalderen.

Eg vert arg på vegner av dei med psykiske vanskar i vårt stadig sjukare velferdssamfunn, som så gjerne vil leva, men ikkje får det til.

Eg vert arg på vegner av alle sjuke, einsame gamle, som skulle gitt mykje for same helsa som denne mannen. Er det nokon som har det for godt til å halde det ut?

LARS BAUTEN