PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Staff hadde frist på seg til i dag til å seie om han står ved habilitetsinnvendinga mot sorenskrivar Steinar Velle som dommar i saka. Og i dag fekk sorenskrivaren svaret, der Staff står ved sitt krav om ein ny dommar.

Det var i førre veke Staff reiste habilitetsinnvendinga mot Velle, etter at dommaren hadde nekta å utsetje rettsaka etter forsvarsadvokatens ønskje. Men Staff står no altså fast på si vurdering av Velle som dommar, også etter at denne gjekk med på å utsetje saka slik høgsterettsadvokaten kravde.

Dermed talar mykje for at habilitetspørsmålet vil gå til Gulating lagmannsrett for avgjerd. Alternativet er at Velle sjølv seier seg inhabil som dommar. Han avgjer dette torsdag denne veka.

Høgsterettsadvokat Tor Erling Staff er forsvarar for den eine av dei to tiltalte Naustdals-ungdommane som jaga indisk-fødde Arve Beheim Karlsen med rasistiske tilrop, like før han drukna i Sogndalselva for snart to år sidan.

Beheim Karlsen-saka er utsett til slutten av mai månad.