PER MARIFJÆREN

I nesten harselerande ordelag gjekk høgsterettsadvokat Tor Erling Staff ut mot aktor Jan Hoels påstand om at Beheim Karlsen-saka ligg i grenselandet til aktlaust drap. Særleg reagerte Staff på Hoels påstand om at Arve vart jaga ut i elva.

Uforståeleg påstand I sin prosedyre gjekk Staff ut mot aktors framstilling av jakta på Arve, og konklusjonen på korleis Arve hamna i elva og drukna.

— At Arve ikkje vart sett etter forfølginga, treng jo ikkje innebere at han prøvde å krysse elva, sa Staff. - Han kan ha sprunge rett fram eller snubla graset, vi veit ikkje noko om dette. Men aktor dreg fram det alternativet som passar best for å få tatt dei to tiltalte, for å få ei rasismesak ut av dette. Vi veit ingenting om kvar eller når Arve hamna på elva. Å trekke inn det at han vart funnen i elva, er heilt spekulativt og heilt tomt bevismessig.

Staff fann det uforståeleg at aktor kan få seg til å påstå at Arve måtte springe til venstre ut i elva for å krysse over.

Ei tung bør - Vi manglar kunnskap om alle desse heilt sentrale tema. Når aktor så vil hekte dette på NN og kameraten, så har eg svært lita forståing for det, sa Staff.

— Eg seier ikkje at aktors teori ikkje kan være rett, men den må ikkje vere rett. Og det er allverda av forskjell i ei straffesak.

Staff viste til at dette eine punktet er det bærande elementet for aktors straffepåstand, og meinte påstanden på tre års fengsel er ekstremt høg.

— Å bli belasta for ansvaret for Arves død, er ei ganske tung bør å skulle dra med seg for eit ungt menneske.

Har ikkje bevis Deretter gjekk Staff laus på aktors påstand om at dei to tiltalte burde skjøna faren for drukning, då dei jaga Arve ned under brua.

— Det er heilt usannsynleg at dei burde innsett at han kunne ende i elva når dei sprang etter han. Aktor har heller ikkje ført bevis gode nok til å halde dei tiltalte ansvareleg for Arves død på den måten han gjer. Det er ikkje grunnlag for å belaste dei for noko som kanskje var ein konsekvens, men som vi ikkje veit noko om. Vi veit berre at Arve vart funnen drukna i elva to dagar seinare.

Staff held fram med prosedyren sin fredag. Då skal også forsvararen til den andre tiltalte, advokat Knut Storberget, halde sin prosedyre.

Les også: Staff: - Arve var ikkje reddKrev tre og to år for Arves plageånder- På grensa til drap- Om Arve slutta var problemet vekke - Gjer eg ikke noko no, får eg aldri fred- Arve klarte å unnslippeUvisst når Arve vart jagaVille skvære opp med Arves mor Hovudtiltalte vart banka opp- Arve vart mobba av sambygdinger Merka ingen ting på tiltalte- Drep den lille negeren- Tiltalte ropte "drep han" Måtte stoppe hovudtiltalte- Aldri sett tiltalte slikOppgav tiltalt som plagånd"Arve vart berre vekke" Nektar for vald mot ArveSøstera til Arve møtte i retten