TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

— Det er skapt ei stemning som gjer det vanskeleg for dei to å få ei rettferdig rettssak. Dette gjeld heile det norske samfunnet, men i særleg grad er dette tilfellet i Indre Sogn, seier Staff til Bergens Tidende.

Kravet om å flytte rettsaka vart sendt Indre Sogn heradsrett i dag. Staff, som representerer den eine av dei to sikta ungdommane frå Naustdal, fryktar at hans klient ikkje vil få ei rettferdig behandling.

Den kjende høgsterettsadvokaten viser i brevet til heradsretten til bestemmelsar i menneskerettskonvensjonen. Staff legg ikkje skjul på at det sterke trykket familien til Arve Beheim Karlsen og deira bistandsadvokat Gunnar Solbraa har lagt på denne saka, også er medverkande til at han meiner rettsaka må flyttast.

Til Bergens Tidende seier Gunnar Solbraa at han ikkje har sterke oppfatningar om kvar rettsaka bør gå.

— Det spelar ingen rolle for oss. Men om det skal takast omsyn til den opp-piska stemninga, måtte vi flytta denne rettsaka til utlandet. Det er ingen grunn til å tru at stemninga er meir oppheta i Indre Sogn enn andre stader i landet.

Advokaten til den andre tiltalte, Knut Storberget, seier han ikkje har bestemt seg for om han skal stille seg bak kravet frå Staff.

Det vert no opp til Sorenskrivaren i Indre Sogn å ta stilling til kravet om å flytte rettsaka.

. Les også: Tar i bruk rasismeparagrafen