PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Saka skulle opphaveleg ha starta tysdag i neste veke. Men etter at tiltalen vart utvida til å omfatte rasisme, vart det klart at rettsforhandlingane ville ta lengre tid enn dei fire opphavelege dagane.

Dermed kom saka i konflikt med ei sak Staff skal føre for Borgarting lagmannsrett i veke 12.

Ingen kommentar Sorenskrivar Steinar Velle, som skal dømme i Beheim Karlsen-saka, nekta først å etterkomme kravet om utsetjing. Han bad i staden den tiltalte om å finne seg ein annan forsvarar enn Staff.

Staff svarte mandag morgon med ein påstand om at Velle er inhabil som dommar i saka.

Men mandag ettermiddag sendte Velle ut ei melding der han gjer det klart at saka likevel blir utsett, slik at Staff får høve til å følgje forhandlingane.

Velle var ut over dette ikkje tilgjengeleg for kommentar i kontortida mandag.

Ekstra belastning Medan Staff har fått det slik han vil, er dei pårørande sin bistandsadvokat Gunnar Solbraa mindre nøgd med avgjerda.

Like etter at Staff hadde kravd saka utsett, sende Solbra retten eit brev der han bad om at saka måtte starte som beramma tysdag 13.mars.

— Eg har meddelt retten at ei utsetjing vil bli ei stor ekstra belastning på dei næraste pårørande i Arve sin familie. Eg ville heller hatt ei oppdeling av saka, seier Solbraa til Bergens Tidende. - Dei pårørande hadde innstilt seg mentalt på at dette skulle starte no, og det er ikkje bra med ei slik utsetjing. Les også: Krever at Beheim Karlsen-dommer viker