PER MARIFJÆREN

Straks etter at sorenskrivar Steinar Velle hadde sett retten måndag morgon greip Staff ordet og var uroa over meddommarane sin habilitet. Då Velle rutinemessig spurte om partane har merknader til samansetjinga av retten, ville Staff vite om meddommarane hadde gjeve noko uttrykk for at dei var opptekne av denne saka, eller om dei hadde ei form for sementert oppfatning av den.

Velle: — Dette er jo eit vidtgåande spørsmål, men (henvendt til meddommarane) har dere hatt noko slik oppfatning av saka?

— Nei, svara både meddommar Nils M. Kroken og ditto Eldbjørg Brugrand.

- Tradisjonell straffesak I sitt innleiingsføredrag uttala Staff at han oppfattar denne saka som ei temmelig tradisjonell straffesak. Staff var vidare raskt ute med å signalisere at klienten hans, den hovudtiltalte 19-åringen, kan komme til å endre sine bastante svar om at han er «ikkje straffeskuldig.»

— Eg har rådd klienten min til å seie nei på skuldspørsmålet i utgangspunktet, men dette kan han komme til å endre, sa Staff.

— Desse endringane kan komme på episodar der klienten min ikkje kan hugse det som skjedde, på grunn av at han var rusa.

Utan å seie det med reine ord, har Staff dermed gjort det klart at klienten hans ikkje vil gje påtalemakta noko som helst gratis. Han vil berre erkjenne det som aktor kan framlegge handfaste prov på.

— Vi kan ikke forvente å få svar på kva som forårsaka Arves død, sa Staff.

- Bygg berre på rettssaka - Det har jo vore stor turbulens i forkant av sakene, og eg ber om at dommarenpresiserer at retten kun skal bygge på det som kjem fram i rettsaka. Eg seier dette fordi det har vore så sikkert og bastant i forkant, og det er lett for at merkelapper kan bli festa til dei tiltalte. Min klient er å sjå på som uskuldig inntil denne domstolen eventuelt sier han ikke er det.

«Hybelrasisme» Staff kom også inn på rasisme-tiltalen i høve den tragedien som råka Arve Beheim Karlsen.

— Dette er klart ei grensesak kva angår bruken av rasismeparagrafen. Vi snakkar jo om ein slags hybelrasisme, der tiltalte var 17 år då det skjedde. Ein må blant anna spørje seg kva språkform ein relativt uutdanna 17-åring brukar. Kanskje har nokon ein alminneleg ordbruk som er annleis enn i «det danna selskap», og om dette er vedkommande sin generelle ordbruk, så har dette betydning for skuldspørsmålet.

- Er «drep negeren» rasistisk? Dei to 19-åringane er tiltalt for å ha ropt blant anna «drep negeren» då dei sprang etter Arve.

— Er dette rasistisk, fordi eit spesielt ord blir brukt? Retten må spørje seg kva tiltalte har meint med å bruke dette ordet, har han hatt noe rasistisk forsett? Her ligg eit svært stort område som krev grenseoppgang, sa høgsterettsadvokat Tor Erling Staff, og meir enn antyda at rasismetiltalen var eit resultat av ei stemningsbølgje, særleg etter drapet på Benjamin Hermansen på Holmlia i Oslo.

Synfaring Etter innleiingsføredraga måndag føremiddag tok retten ei samla synfaring i Sogndal sentrum, i området ved Sogndalselva der Arve Beheim Karlsen sist vart sett i live den 23. april 1999. Les også: Tiltalte nektar all skuld