Staff si einaste sak er å få desse frikjent for alt ansvar og straff, då har han gjort jobben sin og då er han nøgd. Om rettsvesenet kan manipulerast og lovverket strekkast og tydast slik at sjølv notoriske kjeltringar går fri, då har forsvaret gjort sin jobb.

Har rettsvesenet vårt spelt fallitt?

Ja, eg trur det på mange vis.

Vi har eit rettssystem som tek vare på forbrytarar til siste bokstav slik at dei ikkje skal li noko form for urett. Medan offera ofte må kjempe sin eigen kamp, ofte svekka og i store økonomiske uføre på grunn av forbrytelsen.

Kvar er rettferda, kven er lovene for?

Er det ikkje noko poeng lenger å prøve å sikre vanleg folk å kunne ferdast fritt?

Er straff eit avleggs ord, skal vi berre møte notoriske forbrytarar med godvilje og forståing?

Kva preventiv virkning har det når ungdom veit at det skal svært mykje til før ein hamnar i fengsel.

Det er svært mykje som skurrar i vanlege folk sine øyre når det gjeld reaksjonar og straffeutmålingar i dag. Og noko av det som skurrar verst er når forbrytarar og villfarne idiotar får landet sine «beste» advokatar oppnemnd til å forsvare seg.

Kvifor i alle dagar skal landets best profilerte forsvarsadvokat få desse typiske mediesakene, hadde det ikkje vore meir rettvist, dersom han er så god som han vil ha det til, at han hadde vore hyra inn for å gjere noko med kriminaliteten i staden for å beskytte den?

Har han skaffa seg sin eigen inngang i lovsystemet sine korridorar? Staff Only?

Gunnar Stavøstrand