— Det har vore veldig kjekt å skriva. Berre du kjem i gang, vert det noko, meiner 7. klassingane Irmelin Lundøy frå Sæbø skule, Ruth Ingeborg Pletten frå Austebygd skule og Ingrid Storheim Myrtveit frå Manger skule. Dei har alle tekstar i den nye «Boka vår» som vart presentert torsdag kveld på Radøy ungdomsskule.

Arbeidet med boka har inspirert elevane til å skriva meir. No kjenner dei at dei har masse fantasi og ord inni seg som dei kan forma til noko.

— Det er litt kult og spanande å gje ut bok. Vi kjenner oss meir vaksne. Her har vi våre eigne bidrag å skryta av, seier dei tre jentene. Ei av dei fortel at ho skal verta forfattar når ho vert stor.

Boka er eit konkret resultat av «Prosjekt skriveglede» Radøy Mållag har teke initiativ til. Her er 50 sider med eventyr, skrekkhistorier, dikt og mykje anna. Og her er mykje humor. Høyr berre på Janne sitt dikt om årstidene: Om hausten er det kaldt. Om sommaren er det varmt. Om vinteren er det bikkj e kaldt. Og det var alt. - Vi er veldig glade for at prosjektet har vorte så bra. Elevane har kost seg og tatt språket i bruk. Dei ser at dei kan leika med språket og nytta det som eit verktøy for å uttrykkja seg, seier Karin Monstad, leiar i Radøy Mållag.

På sleppefesten for den nye boka las to av dei unge tekstane sine og fekk stor applaus. Der var òg nokre av dei som tok del i skriveverkstaden for eldre i Radøy. Dei las kvardagsdikt, haikudikt og andre tekstar. Og når Frode Skage spela sjølvkomponert musikk og jentene i Kolibra synte at rockeverkstaden fungerer, fekk dei vist at her er eit godt kreativt miljø i Radøy for tida.

— Kulturen bind generasjonane saman, seier Karin Monstad.

NY BOK: - Det er litt kult og spanande å gje ut bok, seier Irmelin Lundøy, frå venstre, Ruth Ingeborg Pletten og Ingrid Storheim Myrtveit.<p/>FOTO: TOR KRISTIANSEN