PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no Drikkelaget som kvinna deltok i natt til 24. januar i Måløy, enda i tragedie og stort oppstyr. Ein 53 år gammal mann døydde same natt, medan den 46 år gamle kvinna vart kritisk skadd.Dagen etter åtvara politiet mot at smuglarspriten på drikkelaget kunne ha vore forgifta. Blir varig ufør Nokre dagar seinare var det klart at spriten likevel ikkje inneheldt andre farlege stoff enn alkohol. Tragedien var at dei to hadde fått i seg for mykje, for fort, av dei sterke varene.— Det har no gått såpass lang tid at faren er svært stor for at pasienten vil bli varig pleietrengande, seier overlege Jon Sverre Arnestad ved fylkessjukehuset på Nordfjordeid, der den medvitslause kvinna ligg. - Vi har sett ein viss framgang, men ikkje hatt regulær kontakt, og det er uvisst om ho vil vakne. Den direkte årsaka til skaden er surstoffmangel til hjernen. Ifølgje Arnestad har det no gått så lenge at tilstanden etterkvart må sjåast på som varig, rett nok med sjansar for framgang. Rett å åtvare mot giftig sprit Lensmannen i Måløy etterforskar saka enno. Ein 31-årig mann er framleis sikta. Han har reagert sterkt på å bli kopla direkte til dødsfallet, og på å bli karakterisert som ein storfisk innan illegal sprit i Måløy-området. Under ransakinga fann politiet omlag 100 flasker av ulike typar brennevin i heimen hans, og ytterlegeare 30 vodkaflasker i ein biltilhengar. Også i ettertid står politiet fast på at det var rett å sende ut ei offentleg åtvaring mot potensielt livsfarleg smuglarsprit. Pressemeldinga var klarert med politimeisteren i Fjordane.- Vi kunne ikkje ta nokon sjanse med dette, og i same situasjon ville vi ha gjort det same om igjen, seier førstebetjent Nils Bakke ved lensmannskontoret i Måløy. - Alt anna er etterpåklokskap.