Ein nærmare presisjon i å klassifisere og vurdere ulike former for dialekt— eller språkskifte må til enn den Helge Dyvik gjev i BT 14. januar. Språk definert som kommunikasjon av typen overføring av fakta, er sjølvsagt uinteressant i høve til den moralproblematikken som Dyvik sjølv tok opp 7. januar. I kva monn språkskifte er bevisste eller ikkje, er interessant nok, men journalist Valestrand i BT 4. januar var no eingong oppteken av språkskifte som skjer for «å tekkes omgivelsene». Dyvik held språkskifte som er motivert av ønske om å vere «finare» eller «penare», unna ein særskilt analyse. Han ser ut til å insistere på at ikkje noko språkskifte kan karakteriserast som språksvik.

Vi kan gjerne minne oss oftare om at språk er identitetsmerke, og då bør vi ikkje berre kunne tåle usemje, vi må òg kunne tole å snakke høgt om språksvik og produkta av det. Visst kan språksvik vere produkt av språkundertrykking og negative haldningar til norske dialektar. Når til dømes austlendingar flyttar til Sogndal, held mange på sin opphavlege dialekt - også barn. Men når sogningar flyttar til Oslo, er det forventa at dei skal svikte dialekten - i alle fall barna. Negative reaksjonar mot sognemålet og negative reaksjonar mot riksmåltale kan nok ideelt og abstrahert sjåast på som same sak - og på det nivået gjeld same moral. Men som språkleg kvardag blir det noko anna. Retten til å snakke sognemål må folk framleis slåst for - fordi ei legitimert språkundertrykking finst. Riksmålstalande har eit langt fredelegare liv.

ROGER LOCKERTSEN