Fjernsynet var òg på plass under premieren og presenterte nokre små glimt frå dei mange innslaga. Mellom anna fekk sjåarane servert eit par «gullkorn» om kongefamilien. Det var ikkje mange orda, men det var nok til å harselera med dei kongelege på ein utidig måte.

Nemninga «Jævla homo-kongefamilie» var ikkje særleg sympatisk. Det er helst trist at det må banning og slik primitiv språkbruk til for at publikum skal ha det kjekt. Forresten er det ikkje sikkert at folk synest dette er så tøft, men dei aller fleste ser ut til å godta slikt, fordi det er skapt ei haldning i vår tid om at slik skal det vera. Likesæla dominerer, og svært få bryr seg med å demma opp mot denne språkbruken og latterleggjering på ein vond måte av både kongefamilien, religionen og ulike personar og grupper i samfunnet vårt.

HANS OLE DALLAND,TYSNES