ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.voss

Jo Lernout, Pol Hauspie og Nico Willaert, leiarar i selskapet som var med på å starte IT-eventyret på Voss, er sikta for falskneri og aksjemanipulasjon. Dei blir haldne i forvaring til måndag. Då skal dei møta i retten. Der blir det avgjort om dei skal varetektsfengslast eller sleppast fri til straffesaka mot dei kjem opp.

Dåverande konsernsjef Gaston Bastiaens gjekk av då Wall Street Journal i 8. august 2000 antyda at Lernout & Hauspie sine salstal i Korea var fiktive. Nico Willaert fylgde etter, Pol Huspie tok sjukepermisjon medan Jo Lernout degraderte seg sjølv til teknologisjef.

Seinare har intern revisjon i selskapet avslørt at rekneskapstala i Korea-avdelinga var rein svindel. Det førte til at aksjekursane var kunstig høge, kunstig lenge. Til dømes vart heile Dictaphone-selskapet, eit amerikansk industrielt flaggskip, stifta av telefonoppfinnar Alexander Graham Bell, oppkjøpt med L&H-aksjer som no er verdlause.

John Duerden, som avløyste Bastiaen som konsernsjef, kom for tett innpå den gamle garden i sin ryddeaksjon, og fekk sparken. Philippe Bodson vart sett inn. Han forlangte reint bord, ingen frå det gamle regimet i styre og leiing, men lovde å droppa tanken om disiplinære tiltak. Belgiske styresmakter har derimot hatt opptil 16 etterforskarar på saka i lengre tid.

L&H har rettsleg vern mot konkurs etter skandalen i Korea, og må i løpet av få månader presentera ein truverdig omorganiseringsplan for å unngå konkurs.

Les også: — Ikkje uventa