ARNE COLLIANDER arne.colliander@bt.no

Mannen dreiv sportsdykking saman med sonen sin ved det nordre brufestet ved Lammetunbrua då eit eller anna gjekk galt.

— Vi veit ikkje kva, men faren har truleg stige for brått opp mot vassflata, seier førstebetjent Oddvar Træen ved Flora politistasjon.

Døde på staden Sonen fekk den bevisstlause faren på land, og slo straks alarm. Luftambulansen rykte ut frå Førde, samstundes som ambulansebil med lege sette kursen mot ulukkesstaden. Medan han venta, gjekk sonen i gang med gjenoppliving.

Forsøka på gjenoppliving lukkast ikkje. Dykkaren var død då ambulansepersonellet kom fram.

Sonen ikkje avhøyrt Politiet har enno ikkje tatt avhøyr av sonen. Han vart i går kveld teken hand om av familien etter den tragiske hendinga som kosta faren hans livet.

— Politiet har teke med seg dykkarutstyret til den forulukka. Det vil seinare bli undersøkt for å sjå om det kan vere feil med det. Sonen til den omkomne vil også bli avhøyrd, seier førstebetjent Oddvar Træen ved Flora politistasjon.

Politiet veit ikkje kor djupt dei to dykkarane oppheldt seg då den eldste av dei fekk vanskar.

Namnet på den omkomne vil først bli frigjort når alle pårørande er varsla.

Andre på ei veke Dykkarulukka er den andre på Vestlandet på mindre enn ei veke. Ein 20 år gammal dykkarelev frå Stavanger omkom før helga under kursing ved Nemo Classic Diving i Dolviken i Bergen. Også den ulukka skal skuldast at dykkaren steig for brått opp.