Sponheim har avvist å gå inn på kven som gjorde kva, kven som har hatt møte med kven og når ting har skjedd i departementet.

Han har ikkje skulda på embetsverket — slik statsråd Anne Lise Bakken i si tid gjorde som medlem i Gro Harlem Brundtland si regjering.

Konsekvensen var at ho måtte gå.

Han har heller ikkje skulda på statssekretæren sin, Leif Helge Kongshaug, sjølv om han nok kunne ha grunn til det. Det ser nå ut til å vere klart at Kongshaug i lang tid etter at saka «sprakk», let vere å informere Sponheim om si rolle i saka.

Ikkje feilinformert

Ein grundig gjennomgang av dei svara og opplysningane Sponheim har gjeve til Stortinget, kan vanskeleg munne ut i ein konklusjon om at han har feilinformert Stortinget. Alt han har sagt til Stortinget ser ut til å vere rett. Ei anna sak er at han ikkje har fortalt alt. Men det har aldri vore noko krav om at ein statsråd skal fortelje absolutt alt om intern saksbehandling i ei sak. Det gjeld ikkje noka alminneleg vitneplikt, som i retten, for ein statsråd.

Furre-saka

Kor ille det kan gå om ein statsråd brettar ut alt om den indre saksgangen i eit departement, kan best illustrerast ved eit tilbakeblikk på Berge Furre-saka i 1996.

Då opplevde vi at ein fersk justisminister, Anne Holt, laga ei utførleg skriftleg orientering om alt som hadde skjedd i departementet. Som så ein fersk statsminister Thorbjørn Jagland, las opp i Stortinget.

Det var noko heilt nytt med ei slik utlevering av det indre livet i eit departement. Det skapte sjokkbølgjer både internt i forvaltninga og vekte forundring i det politiske miljøet - ikkje minst mellom garva politikarar.

I neste omgang erklærte justisministeren at ho skulle vurdere om ho hadde tillit til departementsråden og til ein ekspedisjonssjef. Ho konkluderte så med at ho hadde tillit til departementsråden og skulle vurdere vidare om ho hadde tillit til ekspedisjonssjefen.

Ei slik form for personalbehandling vart stempla som horribel. Konsekvensen ville nemleg lett bli at ein fekk utrygge byråkratar.

Låge kvalitetskrav

Ein slik framgangsmåte ligg fjernt for Lars Sponheim. Han har heile vegen sagt at han tek ansvaret for det som har skjedd, sjølv om han ikkje kjende til at statssekretæren hadde vore inne i saksbehandlinga.

Det ein derimot kan stille spørsmålsteikn ved, er dei låge kvalitetskrava Landbruksdepartementet har stilt til gehalten i opplysningane i denne saka.

Departementet har bygd omgjeringsvedtaket sitt på at seljaren, Henrik P. Thommessen, som har ein mangemillionar kroners vinst i sikte, snakkar sant. Han har ikkje dokumentert, og kan ikkje dokumentere, at det ikkje har kome noko bod på over to millionar kroner på eigedomen.

Departementet har lagt til grunn at Thommessen fekk eit bod på to millionar kroner. Sjølv nektar Thommessen for at han har fått noko bod i det heile. Det inneber at departementet på dette punktet ikkje lit på Thommessen si framstilling.

Men i forhold til påstandar om at fleire har prøvd å by, men er blitt avvist av Thommessen, vel departementet å lite på at Thommessen snakkar sant når hevdar at dette er tull.

Ingen notoritet

Det er ei friviljug sak å bruke ein autorisert meklar ved sal av eigedom. Thommessen valde å stå for salet sjølv, då han i fjor vår averterte eigedomen for sal.

Dermed valde han ein framgangsmåte som sikra at det ikkje vart notoritet over ein sals- og bodprosess. Ingen interessentar kan dermed dokumentere at dei har levert bod, eller prøvd å levere bod på eigedomen.

Vi har Thommessen sine eigne ord for at så lenge ingen kan dokumentere at dei har prøvd å by, så meiner han å ha ryggen fri.

Alt å vinne

Det er nokre viktige poeng å ta med seg i saka. Allereie tre år før han sette i gang salsprosessen i fjor, hadde han inngått salskontrakt med ein kjøpar som skulle betale 9,8 millionar for eigedomen, pluss 1,2 millionar for innbu og lausøyre. Vilkåret var at eigedomen vart friteken frå buplikt.

For Thommessen var det då sjølvsagt svært om å gjere å få omgjort avslaget frå Landbruksdepartementet.

Advokaten til kjøparen skreiv i eit notat til Thommessen i mai i fjor, at den einaste måten å få til ei omgjering på, som ville oppheve buplikta, var å gjennomføre ein salsprosess.

Både Thommessen og kjøparen hadde interesse i at salsprosessen vart mislykka.

Og mislykka vart salsprosessen, ifølgje Landbruksdepartementet av di det berre kom eit bod på «lusne» to millionar kroner. Det var altfor lite ifølgje Landbruksdepartementet. Difor fann Landbruksdepartementet grunn til å omgjere sitt eige vedtak og oppheve buplikta.

Desse poenga har Landbruksdepartementet ikkje ofra ein tanke i omgjeringsvedtaket. Det er eit tankekors når departementet overkøyer det lokale sjølvstyret og prinsippet om buplikt.