Det er alt kome mange kommentarar i media til intervjuet med Lars Sponheim i BT førre søndag. Sponheim er naturleg nok skuffa over valresultatet, der Venstre så vidt havna under sperregrensa med 3.9 prosent og tilbakegang frå seks til to mandat på Stortinget. Likevel finn han mykje å gleda seg over. Først og fremst over at Venstre har utsikter til å bli med i ei Høgre-regjering, men også over å vera kvitt «museumsvaktarane» i Senterpartiet. Ifølgje Sponheim var sentrumsregjeringa eit einaste langt mareritt, og grunnen til at han fekk utretta så lite som næringsminister, var at han måtte vera «innelåst» med Senterpartiet.

For partileiarar av Sponheim sin type er det eit karaktertrekk at når det går dårleg for partiet, fell det dei aldri inn at det kan vera deira eigen feil, det er alltid nokon annan som har skulda. Sponheim sin svake innsats i sentrumsregjeringa skuldast altså Sp sitt klamme famntak og «fremstidsfrykt». For to år sidan fekk Venstre-folk i Hordaland krass kritikk frå Sponheim for svak innsats i valkampen og dårleg valresultat. Sanninga er at det delvis var partileiaren sitt totale fråver i valkampen som førte til den store tilbakegangen for Venstre i Hordaland i 1999, og det same er tilfelle i år. Men hovudgrunnen er Sponheim sitt frieri til Høgre og manglande interesse for saker som folk i Bergen og på Vestlandet er opptekne av — bortsett frå kampanjen mot Sellafield-anlegget, som kom altfor seint. Eg meiner at Sponheim reiv grunnen ut under sentrumsregjeringa ved å gå ut tidleg i valkampen og annonsera på landsmøtet at dersom dei tre sentrumspartia ikkje fekk nok oppslutning til å danna regjering, ville Venstre gå saman med Høgre og KrF og danna regjering. Mange Venstre-folk miste dermed trua både på partiet og sentrumsalternativet. No stadfester altså Sponheim sjølv i intervjuet med BT den 16. september at han eigentleg aldri har likt seg i sentrum, og at det var ei Høgre-regjering han ville ha. Eigentleg vedgår Sponheim i intervjuet at han har segla under falsk flagg heile tida, og at han aldri har vore nokon Venstre-mann - han har nemleg «hjertet i KrF og hjernen i Høyre». For oss som kjenner Sponheim, er dette ikkje noko stor overrasking.

Meir alvorleg er det at Venstre gjorde eit særs dårleg val i Hordaland og gjekk tilbake med heile 2.4 prosent. I Oslo gjekk derimot partiet fram med 1.7 prosent. I Oslo var det nemleg Venstres gamle heidersmann Odd Einar Dørum som stod som førstekandidat - ein mann som Sponheim hånar som ein ubetydeleg person i partisamanheng, trass i den store innsatsen hans som justis- og samferdselsminister.

Avslutningsvis vil eg oppmoda frustrerte Venstre-folk i Hordaland og ellers om å gå saman for å få skifta ut Høgre-mannen Lars Sponheim med ein person som står for ein sosialliberal politikk, og ikkje forvekslar sosialliberalisme med marknadsliberalisme. Dette må vera vår oppgåve fram til neste landsmøte. Det beste ville vore om mannen sjølv stilte plassen sin til disposisjon, men dette trur eg dessverre er ønsketenkning. Folk som trur dei alltid har rett, vil aldri gå av frivillig. Det dårlege valresultatet er ein direkte følgje av Sponheim sine Høgre-sympatier og mangel på interesse for fylket han skal representera, og det bør få konsekvensar for partiet ved neste korsveg. Dessutan - kven kan seia seg fri for «fremtidsfrykt» i desse dagar?