Norsk Rikstoto meiner butikkeigaren på Hop har svindla dei for eit millionbeløp, ved ikkje å betale for storstilt hestespel på bakrommet i nærbutikken Joker Hop. Thor Solheim var inntil i sommar ein av landets mest vellykka gamblarar og Rikstoto-kommisjonærar. I fjor var han landets største, med ei speleomsetjing på mellom 25 og 30 millionar kroner.

I sommar tok eventyret slutt. Gjelda til Norsk Rikstoto vart for stor, og Solheims selskap, som dreiv butikken, gjekk konkurs.

— Kvar einaste krone det blir spelt for hos ein kommisjonær er våre pengar, ikkje hans. Det Solheim har gjort, kan i utgangspunktet sidestillast med underslag, seier Erik Mietle, administrerande direktør i Norsk Rikstoto AS.

Avdekt i sommar

I eit fleire sider langt brev til Bergen politidistrikt gjer Norsk Rikstoto greie for det dei meiner gir grunnlag for straffesak mot 36-åringen.

Rikstoto har til gode 2,7 millionar kroner frå selskapet som gjekk konkurs, Opal Mat Hop Solheim T AS. Gjelda skriv seg frå hestespel som dei ikkje har fått oppgjer for.

Bergens Tidende avdekte i sommar korleis det hadde pågått spel på kreditt i stor stil på Hop. Storgamblarar hadde fått spele på hest utan å betale innsatsen i forkant av løpa. Ikkje alle gjorde opp for seg i etterkant heller, og Solheim fekk stadig større vanskar med å betale Norsk Rikstoto det dei skulle ha.

Namngitte gamblarar med gjeld

Kredittspel er i strid med kommisjonæravtalen som Solheim hadde inngått, og ifølgje Norsk Rikstoto også i strid med norsk lov.

Då Bergens Tidende første gong skreiv om kredittspelet, nekta Solheim for at slik spel hadde pågått i nærbutikken. No har han vedgått overfor bustyraren at det var tilfelle. Han har også lagt fram ei liste med sju-åtte namn på personar som han seier har spelt utan å betale.

— Solheim hevdar å ha til gode ca. 1,1 millionar kroner frå desse personane. Spørsmålet er om det blir mogleg å drive inn pengane, seier bustyrar Arne V. Njøten.

Manglar dokumentasjon

Thor Solheim seier nemleg at han ikkje har gjeldsbrev som viser at personane faktisk skuldar pengar.

— Vi har ikkje fått presentert nokon dokumentasjon, og har berre fått ei namneliste, seier bustyrar Arne V. Njøten.

Til saman har han registrert krav for 4,7 millionar kroner frå ulike kreditorar. Verdiane i buet er minimale.

Norsk Tipping er nest største kreditor, med knapt 570.000 kroner. Dei har så langt ikkje funne grunn til å melde Solheim til politiet.

— Det er ingenting no som tilseier at vi vil gjere det heller, seier informasjonsmedarbeidar Atle Jensen i Norsk Tipping.

Thor Solheim sjølv vil ikkje uttale seg. – Eg ønskjer ikkje å snakke med deg, var Solheims knappe kommentar på telefonen i går.

fakta/Joker Hop

  • Nærbutikken Joker Hop og kommisjonæren Thor Solheim i Bergen vart landskjent etter to eventyrlege milliongevinstar på kort tid. I 1999 vann tippelaget hans 9,9 millionar kroner på V75.

I februar i år sopte same gjengen inn nye 13,6 millionar kroner.

  • På bakrommet i nærbutikken vart det spelt for 100.000-vis av kroner kvar einaste veke. Med ein provisjon på 7,5 prosent av gamblinga god butikk for Solheim.
  • Fleire av storsgamblarane greidde ikkje å betale for spelinga. Solheim gav dei kreditt i strid med reglane, og hamna sjølv i gjeldsmyra. I august vart selskapet hans slått konkurs.
  • Eineaksjonæren Solheim hadde sjølv lånt knappe to millionar kroner av sitt eige gjeldstynga selskap. Lånet var i strid med aksjelova og straffbart.