« Då Sean Connery etla seg til å dra frå Marbella, var han den einaste i området som hadde registrert huset sitt i eige namn.» Det er ein representant for Statsadvokatens Antikorrupsjonskontor som på denne måten illustrerer eit problem som spanske styresmakter har fått å styra med dei seinaste åra: Ein gjer kva som helst for å unngå å betala skatt, mange nyttar Bygg og Anlegg til å kvitvaska pengar, og somme driv i stor stil på den idylliske Middelhavskysten med alt frå utpressing til prostitusjon og narkohandel. Etiketten Costa Negra («Svartekysten») blir difor nytta om heile den spanske austkysten.

Middelhavskysten er åstad for 46 prosent av dei brotsverka den spanske Sivilgarden har registrert for heile landet, og med det er Costa Negra nesten på nivå med gjennomsnittet i Europa, medan heile Spania ligg godt under dette nivået. Spansk politi gjorde det sist sommar kjent at det hadde avslørt 209 ulike mafiagrupper og at desse til saman disponerte 5,7 milliardar euro (om lag 42 milliardar norske kroner). Nokre av konklusjonane spring ein i augo: Mafiagruppene konsentrerer seg om Middelhavskysten, der kriminaliteten har auka urovekkjande det siste tiåret, og korrupsjon er blitt langt meir alminneleg enn tidlegare. Dette siste er det ikkje så lett å få auge på utan at ein set seg litt inn i problematikken.

Økonomisk kriminalitet svarer seg mykje meir enn brutal vald. Ein får mykje meir att for den, og dersom ein blir tatt, er straffa mykje mindre. Dette er fakta som går att i rapportane om den spanske mafiaverksemda og som står i sterk kontrast til dei tidvis høgrøysta ropa etter meir og betre politikontroll av «valdelege gjengar».

Ein altfor stor del turistar og fastbuande på ulike delar av Middelhavskysten er knytte til internasjonal forbrytarverksemd. Dette gjeld så vel colombianarar, marokkanarar, rumenarar, russarar og baltarar som italienarar, engelskmenn, franskmenn, tyskarar og spanjolane sjølve. Skattedirektør Salvador Ruiz vedgår at kvitvasking av pengar er nært knytt til internasjonal forbrytarverksemd. «Utanlandsinvesteringane fører mykje svarte pengar over i Bygg og Anlegg,» sa han til den spanske avisa El País4. august i år.

Ein har lenge mistenkt at det går føre seg mykje lyssky verksemd i Bygg og Anlegg på den spanske Middelhavskysten, og skattevesenet er merksam på at ein har å gjera med eit felt der skatteunndraging og kvitvasking av svarte pengar er regel snarare enn unnatak. Også i andre land har bygningsboomen på visse delar av den spanske austkysten alarmert skattevesenet, og tyske styresmakter har i fleire år hatt eit nært samarbeid med spansk skattevesen for å avsløra skatteunndraging mellom dei mange tyskarane som har kjøpt hus og leiligheiter i Spania, spesielt på Balearane (Mallorca, Ibiza, Menorca og andre øyar).

Marbella i Andalucia-provinsen i sør-Spania blir rekna for å vera eit reint mekka i korrupsjon, smugling og kvitvasking av pengar. I beste Berlusconi-stil opparbeidde den tidlegare ordføraren i Marbella, Jesus Gil, seg ein enorm formue med tidvis brutale middel før han gjekk over til Atletico Madrid og fotballen, eit anna område der svarte pengar florerer i mange land. Inmaculada Galvez, som er medlem av parlamentet i Andalucia, har i arkiva sine meir enn 100 skriv som styresmaktene i Andalucia har lagt fram for rettsvesenet om ulovleg byggeverksemd i Marbella.

Generelt er det korkje politisk eller rettsleg vilje til å rydda opp i situasjonen som er avdekka gjennom rapportane som sivilgarden har lagt fram. Ein er spesielt redd for at det skal gå ut over turismen, som er ei viktig inntektskjelde i Spania. Det ser mest ut til at ein meiner all byggeverksemd er av det gode. Men for eit land som pretenderer å ha ein sunn økonomi, er problema der, sjølv om dei ikkje alltid er så synlege, og det ser etter kvart ut til at dei kjem meir fram i lyset. No i haust har ein avslutta eit forskingsarbeid som er finansiert av Europakommisjonen. Forskingsprogrammet har spesielt tatt føre seg tilhøvet mellom korrupsjon, organisert kriminalitet og Bygg og Anlegg. Det har vore forska i Italia, Nederland og Storbritannia, i tillegg til Spania, der ein spesielt har undersøkt eit 200 km langt område på Solkysten i sør.

Det er forska ein del for å finna fram til fellestrekk ved økonomisk kriminalitet. Ein ting som går att frå ein stad til ein annan, er oppfatninga av at «det ikkje let seg gjera å stoppa denne typen økonomisk verksemd». Mange ser også på investeringar som ønskelege nær sagt likevel korleis dei skjer og utan omsyn til kor pengane skulle komma frå. Spanske kriminologar hevdar òg at det ikkje finst systematisk kontroll i Spania for å få fram kor pengane kjem ifrå.

Kontantbetaling av store summar er eitt av kriteria økokrim-etterforskarar i Spania nyttar for å avdekkja økonomisk kriminalitet. Ein kriminell som politiet kjenner godt til, hadde først gjennomført eit større kunsttjuveri før han gjekk til ein bilforhandlar og kjøpte ein fasjonabel Ferrari. Betalinga skjedde kontant og bilforhandlaren tykte ikkje det var noko spesielt ved den handelen, hevda han etterpå. I tidlegare omtala Marbella veksla ein person i løpet av ei veke inn valuta som svarer til om lag 50 millionar norske kroner, også det utan at det vekte nemnande oppsikt. «Vi er altfor ettergivande i Spania overfor folk som altfor fort blir ekstremt rike,» seier ein av etterforskarane.

Det spanske innanriksdepartementet har utarbeidd oversikter over omfanget av økonomisk kriminalitet innan ulike område, og her troner narkotikahandel suverent øvst, føre kvitvasking av kapital og forfalsking av dokument. Spanjolar er innblanda i alle typar kriminalitet, kolombianarar er registrerte i narkotikahandel, kvitvasking av kapital, prostitusjon, ran og kidnappingar, russarane står oppførte under rubrikkane for prostitusjon, kvitvasking av pengar, utpressing, kidnappingar, smugling av bilar og ulovleg innvandring, medan tyskarane har spesialisert seg på narkotikahandel og kvitvasking av svarte pengar.

Den økonomiske kriminaliteten går føre seg på så mange måtar, og det illegale gøymer seg gjerne under eit legalt dekke. Selskap, reelle og fiktive, skyt opp som paddehattar. På ei adresse i Marbella eksisterer det 125 ulike selskap, og i Marbella finst det likeins/like eins eit selskap som aleine administrerer 145 verksemder. Det er denne type aktivitetar styresmaktene er spesielt ute etter å undersøka. Mellom desse verksemdene finst det mange som er formelt oppretta, men som ikkje driv med nokon som helst aktivitet. Skatteunndraging er legio, og den statlege kontrollen har fram til no vore særs mangelfull.

Den illegale verksemda er spesielt utbreidd på Balearane, der ein reknar med at svart økonomi utgjer i alle fall 30 prosent av all økonomisk aktivitet. Økonomien her fungerer i eigne kanalar og på sine særeigne måtar. Ein eigedomsmeklar «eksisterer ikkje», som ein seier det på Mallorca. Skattevesenet klarer ikkje å spora han opp, for den reelle verksemda hans går ikkje føre seg via selskapa han står oppført med, og all betaling skjer kontant.

Vi har å gjera med ein parallell marknad. På Mallorca har tyskarane kontroll med ein viktig del av denne verksemda. Dei har eigne organ som tar imot landsmenn, dei har eigne reglar for utleige og framleige, dei har eigne tyskdrevne butikkar, eigne tenesteverksemder og massemedia, og bur gjerne innanfor lukka område. Den største eigedomsmeklaren på Mallorca er tysk og ber namnet Mathias Kuhn.

Marknadsøkonomar hevdar gjerne at utlendingar (også nordmenn) i Spania, til skilnad frå utlendingar i Noreg, ikkje ligg landet til last, fordi det er pengesterke grupper som etablerer seg ved Middelhavskysten. Når ein ser omfanget av den økonomiske kriminaliteten som spanske styresmakter har presentert i den seinare tida, blir det klart for ein at dette er langt frå å vera tilfellet.

Johannes Nymark