Det Senterpartiet ikkje kan snakke seg i frå, er at fleire hundre postkontor vart nedlagde i den tida dette partiet sat i regjeringskontora. Det einaste som vart verna var postkassa til tidligare statsråd Fjærevoll.

Når no Enoksen, blant alle tiradane han i følgje media var i mot, nok ein gang nemnde postkontora, som om Senterpartiet har ein annan politikk, då må dei satse på at folk i Norge har kort minne.

Senterpartiet vil at alt skal vere som før. Fylket skal eige og drive sjukehusa, kommunene skal vere som før. Jordbruket skal vere som før.

Dei har ikkje svar på dei nye utfordringane som trenger seg på, at ny teknologi trenger seg på frå alle kantar, og krev andre måtar å tenkje på. Det ser ut til å gå hus forbi.

Eg har registrert at Senterpartiet i Sogn og Fjordane er for breiband, men det ser ikkje ut som om dei har gjort seg tankar om korleis dei kan bruke det.

Senterpartiet var også i mot omorganiseringa av Telenor. Senterpartiet likar ikkje det som no skjer i Forsvaret, stort sett så skal det vere slik som i dag. I Norge har vi fleire generalar enn i Sverige, berre det bør tilseie at her må ein gjere noko.

Det einaste som var positivt på Senterpartiet var at dei skjerpa profilen ovanfor private skular, sjølv dette klarte Enoksen å vatne ut når KRF tok til å brumle.

Det å setje seg å baksetet og tru at ein kan styre, det nektar eg å tru at den alminnelege veljar trur.

PER BJ. MOLNESFYLKESSEKRETÆR I SOGN OG FJ. AP.