Gerdfinn EithunFørde.

Ein liten tilbakegang frå 12.9 i januar til 12.2 prosent i februar er nok til tap av mandatet for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

I dag og i morgon er Sp samla til årsmøte i Førde og meiningsmålinga vil vere ein vekkjar for partiet som tek sikte på å sende to representantar til nasjonalforsamlinga etter valet i september. No er det sju månader å gjere det på.Arbeidarpartiet går svakt framover med 0.3 prosent i pluss frå januar-målinga. Ein oppslutnad på 26.2 i januar og 26.5 i februar er begge deler nok til å gi to mandat. Målingane er gjort etter tumultene ved nominasjonen i partiet då Sunnfjord-duoen Reidar Sandal og Aud Viken tok dei to første plassane på lista. Indre Sogn nådde ikkje opp med fylkesleiar Tor Bremer på dei såkalla sikre plassane og det vanta ikkje dystre spådomar om veljarflukt i Indre Sogn.På mesteparten av BT-gallupen i fjor var Arbeidarpartiet inne med berre eit mandat og på det verste nede i 20.4 prosent. Det er likevel eit stykke att til utteljinga ved siste Stortingsval då Ap fekk 31.1 prosent av røystene i Sogn og Fjordane.

Framstegspartiet taper Framstegspartiet tapar veljarar også i Sogn og Fjordane. Partiet noterer seg for ein tilbakegang på 3.4 prosent, frå 16.7 til 13.3, på Opinion-målinga. Men det held til mandatvinst og Frp er sju månader før valet inne med Jostein Kvalsvik. Sidan toppnoteringa i september i fjor på 26.7 prosent, er tilbakesteget på heile 13.4 prosent for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane. Småpartia Venstre og SV er i siget, SV med 0.4 prosent og Venstre med 1.5 prosent. Men ingen av dei har stor nok oppslutnad til å melde seg i kampen om sistemandatet så langt. SV har 7.7 prosent, som er 2.5 prosent betre enn resultatet ved Stortingsvalet i 1997. Venstre derimot ligg 1.9 prosent under røystetalet i 1997.

Høgre i siget Etter å ha vore ute på tre BT-målingar er derimot Høgre og Sverre Hoddevik inne att. Høgre har ein relativt sterk framgang på siste målinga; frå 8.9 til 12.4 prosent på ein månad. Med 9.9 prosent av røystene ved Stortingetvalet vann Sverre Hoddevik knepe over Venstre og tok sistemandatet.Kristeleg Folkeparti er har gått tilbake med 0.7 prosent, men har trygg margin frå mandattap. Februarmålinga viser 19.4 prosent for KrF som har svinga sterkt på målingane siste året. I mars i fjor var KrF inne med to mandat og ein oppslutnad på heile 25.6 prosent.