Av Gunnar Stavøstrand,Flora Senterparti

Eg òg meiner at dette er eit godt og konstruktivt framspel, først og fremst for landet vårt som verkeleg treng ei fleirtalsregjering for å kunne få styringsfart og handlekraft.

Dei siste to til tre mindretalsregjeringane har vore ei ulukke for landet, fordi dei har ikkje makta å styre slik dei lova veljarane i valprogram og samarbeidserklæring.

Dette skapar avmakt og politikarforakt, og folk ser at det betyr lite kven det er som set med såkalla regjeringsmakt, fordi det i realiteten er opposisjonen eller stortingsfleirtalet som styrer.

Det er også betimeleg å gå ut med ei slik erklæring no, og eg trur at Sp og SV gjer klokt i å gripe tak i dette framspelet. Dette er det einaste realistiske alternativ dersom vi skal unngå ei fullstendig høgrevriding og vidare utvikling av egosamfunnet.

Eit truverdig regjeringsalternativ med Ap, SV og Sp vil truleg kunne samle reint fleirtal og kunne stå for ei verkeleg modernisering av norsk politikk, noko som tida er inne for.

Desse tre partia har sterke og oppegåande ungdomsorganisasjonar som vil kunne ha avgjerande påverknad i prosessen med å meisle ut framtidas politikk.

Eg trur ikkje at EU-saka treng å vere eit uoverkommeleg problem. Utgangspunktet må vere at ingen av partia vil gå imot ei norsk folkeavstemming. Sp vil i alle høve vere ein garantist for at landet ikkje vil bli tvinga inn i EU mot folket sin vilje.

Det er berre tid og veg for å stake ut kursen for eit forpliktande felles valprogram som skal leggjast fram for veljarane før neste val. Arbeidet med ein slik avtale må ta til no.

Eg vel å kalle dette venstresida — som motvekt til høgresida, for eg trur at vi er på veg mot ei ny type oppdeling eller «blokkdannelse» i norsk politikk, der KrF er det partiet som no blir sitjande att i midten, poteta som kan fungere i begge blokker, men som sjølvsagt også står i fare for å forskreve seg både ideologisk og valteknisk, og som kan bli ein tapar i ei slik høgre-venstre-gruppering.

Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil kunne danne ei slagkraftig og sosialdemokratisk regjering med eller utan KrF.