«Hvis ikke langt flere kommuner slår seg sammen, kan stemningen fort snu mot tvang.» Det uttalte kommunalminister Erna Solberg — jarnkvinna i regjeringa - til Aftenposten i går. Ho er medlem av eit parti som har stått på prinsippet om at kommunesamanslåing skal skje på frivillig basis. No blir det frivilligheit under tvang.

Laurdag fekk somme av oss i region vest eit innblikk i kor liten viljen til å slå seg saman med andre kommunar er i ordførarstanden. Det var senioruniversitetet på Sotra som hadde bede ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden til ope møte om samarbeid og samanslåing. Ordførar Albrigt Sangolt i Sund, som slit med å få endane til å møtast, vil helst at Sund skal ha sin eigen ordførar. Ordførar Olav Martin Vik i Øygarden, som har flust med pengar for tida, har lova innbyggjarane sine at kommunesamanslåing er uaktuelt.

Fredheim tona ned

Desto viktigare vart det for ordførar Ole G. Fredheim i storebror Fjell å tona ned heile samanslåinga, endå det er ei kjend sak at mange i Fjell - også på politikarnivå - kan tenkja seg ei slik løysing. Det vart lagd merke til at den mogne forsamlinga i Fjell kulturhus klappa uhemma for dei som ville slå saman regionen til ein kommune. Kan det henda at dei fleste kom frå Fjell?

Ikkje nødvendigvis. Ingen veit kva folk flest meiner om saka i dei tre kommunane. Men det er ikkje utelukka at viljen til å slå seg saman er større på grasrota enn høgare oppe i hierarkiet. Ser vi på kulturen er det langt meir som bind saman enn som skil, særleg etter at bedehuskulturen - der Fjell stod i ei særstilling - er blitt mindre dominerande. Det er same folket, og eg kan nemna fleire døme på særs vellukka resultat av at fjellsokningar har funne seg ei kona frå Sund. Eller omvendt.

Større enn Haugesund

Siste generasjonen er i første rekkje prega av at Fjell har hatt ei rivande utvikling og ei tilflytting langt i overkant av det som er tilrådeleg. Det har likevel gått nokså bra. Det har falle nokre dropar på Sund og Øygarden også. Regionen representerer i dag rundt 30.000 innbyggjarar, og ei samanslåing vil gjera kommunen til den desidert største utanom Bergen, større enn byen Haugesund.

Thorvald Hillestad (Sp) er ordførar i den nyleg samanslåtte Re kommune i Vestfold. Våle og Ramnes kommunar vart strokne av kartet for eit knapt år sidan. Ordførar Hillestad meiner dei risikerte på bli diktert inn som ein del av ein bykommune. Han valde å slå seg saman til ein relativt sterk landkommune.

Andre stader tenkjer dei same baner. Ål og Hol i Hallingdal tenkjer samanslåing, det same gjeld Førde i Sunnfjord og kommunane ikring. I Valdres er det fire små kommunar som ser på om dei bør bli ein stor.

Meir enn økonomi

Hovudsaka er likevel at dei fleste norske kommunar ikkje tenkjer på å slå seg saman. Dei vil helst ha det slik dei har hatt det før. Men dårleg kommuneøkonomi kan vera ei drivkraft for forandring. Administrasjon kan sparast og kroner frigjerast. Men det finst ikkje eksakt kunnskap om kor mykje til dømes Øygarden, Fjell og Sund kan spara, eller tena, på å slå seg saman. Modellane til Ragnar Kristiansen frå tidleg på 90-talet er neppe gangbare lenger.

Men det er andre faktorar enn økonomi. Somme kommunar er så små at dei ikkje er i stand til å mønstra det tenestetilbodet som moderne borgarar krev i dag. Jamvel dei kommunane som har god råd slit med å få kvalifisert arbeidskraft fordi fagmiljøet er så fattig.

Det tredje argumentet går på det vi kan kalla utanrikspolitikk. Vil ein Sotra kommune - med 30.000 innbyggjarar - stå sterkare rusta i møte med omverda og Bergen og Hordaland Vegkontor og fylkeskommunen og staten enn om dei møter kvar for seg? Mange meiner det. Statistisk Sentralbyrå spår at denne regionen vil ha over 40.000 innbyggjarar i 2020.

Pengar frå fru Solberg

Vi har i dag ein kommunalminister som er flinkare til å bruka pisk enn gulrot. Vil du ikkje så skal du. Spørsmålet er om Sotra/Øygarden, Fitjar/Stord og ein del andre kommunar bør ta tak i dette sjølv, i staden for å måtta gjera det under påtrykk av nådelause statlege diktat. Ein søknad til fru Solberg om pengar til å utgreia spørsmålet blir sikkert raust imøtekomen. På det grunnlaget vil det vera lettare både for politikarar og folk flest å meina noko om ein storkommune i vest.

Seniorane i vest ser fordomsfritt på saka. Sund Frp vil gjerne slå Sund saman med Fjell. Saka skal drøftast på budsjettmøtet i Sund kommunestyre i desember.

Dersom folket fekk seia si meining om samanslåing under kommunevalet neste haust ville vi få ein peikepinn på om ordførar Olav Martin Vik kan bli sitjande som konge på sin haug. Eller om det skal vera ein konge i staden for tre.