PER MARIFJÆRENJON TUFTO per.marifjaeren@bt.no

Begge dei to 19-åringane sa seg ikkje skuldige i spørsmålet om rasisme. Dei nektar òg for fleire tilfeller av grov vald, blant anna mot Arve Beheim Karlsen, samt fleire tilfelle av trakassering av Arve.

Søstera i retten Eit kvarter før retten vart sett i dag tidleg kom søstera til Arve til rettsalen, flankert av mora Kari og Kine Hellebust.

Kine Hellebust vart kjend med Arve sin familie då ho deltok i eit antrasistisk arrangement i Sogndal tidlegare i år.

Eit stort pressekorps frå alle dei største media i landet følgjer rettssaka som byrja måndag morgon. Fakta /Beheim Karlsen-saka* To 19-åringar er tiltalt for truslar og rasistiske utrop mot 17 år gamle Arve Beheim Karlsen mens dei sprang etter han frå Sogndal sentrum og ned mot Sogndalselva om kvelden 23. april i 1999. * Beheim Karlsen vart seinare funnen drukna i Sogndalselva.* Dei to tiltalte har vedgått at de sprang etter Beheim Karlsen i retning elva den kvelden han drukna, men dei nektar for at dei ropte skjellsord og slengte rasistiske utsagn etter han.* Fleire vitne skal ha hevda at dei to 19-åringene sprang etter han og ropte "drep negeren, drep negeren".

FAMILIEN ER MED: Sandhya (i midten), søstera til Arve Beheim Karlsen, var til stades då rettssaka byrja måndag morgon. Til venstre Kine Hellebust, til høgre Arves mor, Kari. (Foto: Øystein Torheim)