Ein skulle tru det var sjølvaste valkampgeneralen i Arbeidarpartiet som bles i gong til ein langvalkamp — og ikkje LO-leiaren som markerte politisk ståstad.

Det er SVs EU-standpunkt som er problemet for LO-leiaren - etter at Jens Stoltenberg kunngjorde at for hans parti er det viktigare å søkja om LO-medlemskap enn å sikra ei fleirtalsregjering til venstre etter komande stortingsval. Til liks med Jan Petersen, som seier EU-medlemskapen er viktigare for Høgre enn å vera i regjering med KrF. Det er for så vidt greie og tydelege standpunkt for begge sitt vedkomande. Det Stoltenberg, og i alle fall Valla, synest å ha gløymt, er at eigne standpunkt jamnast fører til konsekvensar. Og i vaksenverda er det slik at ein må ta konsekvensane av eigne val. Er det viktigare for Stoltenberg og Valla å koma med i EU enn å etablera ei regjering til venstre i norsk politikk, ja, så er det Aps - og Vallas - val, ikkje SVs.

Etter at Arbeidarpartiet sokk som ein stein på meiningsmålingane, har det sett ut som om partiorganisasjonen har gjennomgått både politisk sjølvransaking og nyorientering. Det er vanskeleg å sjå at Arbeidarpartiet i overskodeleg framtid vil koma attende som eit 50 prosentparti. Skal partiet få makt, må det vera i forpliktande alliansar med andre. Den tida er forbi - ugjenkalleleg - då Arbeidarpartiet var det einaste partiet som kunne styra landet. Mindretalsregjereri har kosta meir enn det har smaka etter Gro. Så var då også Stoltenberg tidlegare klår på at ei mindretalsregjering ikkje ville vera aktuell politikk for partiet. Men det var før meiningsmålingane om EU endeleg peika i ja-lei. EU-rusen ser også ut til å ha nådd LO-leiaren, ei av dei mange som no vel held seg i den moterette tenkjeboksen (der er det visst berre tidlegare nei-folk, forresten, ingen tidlegare ja-folk). Og kan ikkje Stoltenberg tukta SV på plass, så lyt LO-leiaren trø til, i verste tradisjonar frå det fagleg-politiske samarbeidet. «Den som ikkje vil, han skal!» sa mor mi innimellom i frustrasjon. Det høver dårleg som rettesnor for politisk alliansebygging, om det er på riksplan eller lokalplan.

«Det er kjøtvekta som tel,» seier vi i fagrørsla - etter langvarig og hardkjøpt røynsle i kamp mot arbeidsgjevarar og kapitalkrefter. Etter SVs sjokkframgang ved både stortingsval og meiningsmålingar seinare, har Ap dei seinare månader vunne att noko av den tapte kjøtvekta. Etter LO-leiarens høgsommarutspel er det verkeleg grunn til å spørja seg om partiets tradisjonelle arroganse no aukar fortare enn kjøtvekta. Det borgar i så fall dårleg med tanke på samarbeid, det vere seg med SV eller andre. Moglege politiske alliansepartnarar kan ikkje trugast på plass av at høgresida er verre alternativ! Det held ikkje for andre at sosialisme er den politikken Arbeidarpartiet til ei kvar tid fører, for å sitera Torolf Elster fritt etter minnet.

Vi står framfor eit overlag viktig kommuneval - og stortingsval om to år. Kampen står om fellesskap mot kommers, om velferd mot privatisering, om omsorg mot konkurranseutsetjing. Kampen står om fellesskulen og om rettvis fordeling. Kampen står om kommuneøkonomien og sjølve folkestyret. Dette er ikkje ein sekunda kamp. Difor er det gledeleg at LO-nestleiar Finn Erik Thoresen, NTL-leiar Turid Lilleheie og landsmøtet i Norsk Arbeidsmandsforbund, blant andre, overordnar denne kampen mot høgrekreftene ein evt. EU-søknad i 2005. Marknadskreftene let seg slett ikkje tøyla av sosialdemokratisk sommar-hovmot!

Oddny I. Miljeteig, SVs 1.kandidat ved bystyrevalet i Bergen