Det melder Radio Rauland.

Det vert onsdag kveld meldt om fleire flokkar på trekk over Raulandsallmenningen

Mest heile bestanden av reinen på Hardangervidda befinn seg i Vinje kommune sør for Kvenna, men det er og nokre småflokkar nord for Kvenna

Me har berre sparsomme meldingar om einskilde dyr i Hordaland og Buskerud

Oppsynet melder om lovlydige jegarar på vidda. Ingen brot på jaktlova onsdag. Det er observert dyr som haltar. Oppsynet ber om at desse vert forsøkt felt og meldt oppsynet