Vi høyrer til Bergen og Hordaland. Kva møringane vil gjera, får vera deira eiga sak. Vi kan ikkje undergrava fylket til beste for dei. Vi må fyrst og sist tenkja på eige fylke og Vestlandets beste. Vestlendingane må søkja styrke i eigen region. Fogdestriden i fylket må det snarast verta slutt på. Vi må stå samla i ein storregion elles øydelegg vi for oss sjølve. Ein må manna seg opp og verta vaksne, og ikkje øydeleggja for kvarandre.

Er det Jens eller Kosmo som styrer landet? Den splitt-og-hersk-politikken Kosmo driv, er ingen tente med.

OLAV EIDE,BYGSTAD