OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noKvinnherad

Serien av år med underskot først på 1990-talet er solid henta inn att for Søral. Fjorårsresultatet på 382 millionar kroner etter skatt er det beste i verkets 35-årige historie.

For første gong passerte Søral i fjor også to milliardar kroner i omsetnad. Auken i så måte var på heile 35 prosent. Produksjonen auka med 8000 tonn til 123.000 tonn råaluminium frå 1999, då årsresultatet etter skatt var 174 millionar kroner. Verket har hatt overskot kvart år etter 1993.

Administrerande direktør Jan O. Yttredal oppgir god prisutvikling, auka produksjonsvolum og høg dollarkurs som årsaker til det gode 2000-resultatet.

Driftsmarginen på 28,9 prosent understrekar lønsemdsuksessen ved Søral i fjor på samme måte som fortenestemarginen på 26,3 prosent, og eigenkapitalrentabiliteten på 50,4 prosent. Soliditeten er den aller beste med ein eigenkapitaldel på 54,6 prosent.

Den langsiktige gjelda er redusert frå 428 til 71 millionar kroner sidan 1996, den kortsiktige gjelda har gått opp frå 273 til 636 millionar i samme periode.

Ei fjør i hatten for Sør-Norge Aluminium i fjor var det også at verkesmda blei sertifisert etter kvalitetsstandard QS 9000, som garanterer at Husnes-aluminiumen tilfredsstiller krava til bilindustrien.

Søral hadde ved utgangen av fjoråret 415 tilsette. Selskapet er eigd av kanadiske Alcan med 50 prosent og av Hydro Aluminium med 49,9 prosent.