Det er nå eingong slik at det oftast er lettare å førebyggje enn å reparere, og langt billegare og meir smertefritt, så derfor bør justisministeren heller ta turen til fredelege Finland. Etter eit nordisk rådsmøte blei den finske presidenten, sosialdemokraten Koivisto, av NRK spurd kvifor hans land ikkje tar imot flyktningar og asylsøkjarar. Svaret hans var kort og konsist: Dei ville heller prioritere sine eigne gamle og sjuke. Likelydande spørsmål fekk den japanske utanriksministeren under eit offisielt norgesbesøk, og han nemde mellom anna sosial uro, kulturkollisjonar og etniske konfliktar som årsak.

MAGNE BORTNE