Livet heng i ein tynn, tynn tråd for dei cirka 450 pasientane som kvart år blir lagt inn på intensivavdelinga på Haukeland Sykehus.

Hit kjem dei aller sjukaste og mest skadde pasientane.

Ofte er det dei same som du les om i avisa – folk som har vore ute for alvorlege trafikkulykker og brannar, eller fått hjernehinnebetennelse eller store infeksjonar.

Felles for alle er at fleire vitale organfunksjonar sviktar samtidig. Utan akutt behandling er sjansane for å overleva svært små. Berre to av tre pasientar kjem ut av sjukehuset i live.

— Det er så mykje liding og sorg på intensivavdelingar, og mange pasientar døyr altfor unge. Derfor er det godt å kunne bevise at det finst mange solskinshistorier også, seier seksjonsoverlege Hans Flaatten ved Anestesi-intensivavdelinga ved Haukeland Sykehus til Bergens Tidende.

Slår hol på mytane

Solskinshistoriene stammar frå ein ny forskingsrapport av doktorgradsstipendiat Reidar Kvåle. Han har intervjua cirka nitti overlevande pasientar, som alle var innlagde på intensivavdelinga i Bergen i 1987.

Rapporten viser at:

  • 50 prosent av pasientane lever framleis * Dei som overlevde det første året etter sjukehusopphaldet, har statistisk sjanse til å oppnå same levealder som normalbefolkninga * Pasientane har fått noko redusert livskvalitet, men betre enn hos mange kronisk sjuke

Flaatten, som har vore rettleiar for rapporten, seier at desse resultata er langt betre enn dei hadde håpa. Dessutan hevdar han at den slår hol på ein del mytar i fagmiljøet om intensivmedisin.

- Ikkje meiningslaust

Han fortel om kollegaer som kjem med utsegn av typen «pasienten overlevde ti døgn på intensiv, men døydde like etter på sengepost».

— Opplever dei dette 2-3 gonger i løpet av eitt år, festar det seg klart eit inntrykk av intensivmedisin er dyrt og nyttelaust. Men resultata i den nye rapporten er konkrete bevis på at det vi driv med er meiningsfullt, seier Flaatten.

Forsking på intensiv-pasientars levetid og livskvalitet over så lang tid er nytt på verdsbasis, og resultata blir presentert i internasjonale legetidsskrift.

Prosjektet har så langt kosta halvannan million kroner, og er finansiert ved hjelp av Norges Forskingsråd og regionale forskingsmidlar.