Sanninga er at det gode samarbeidet som har vore med han som ordførar, berre forsterkar det sjokket og den smerten eg opplever ved det som no har kome fram. Men sjølve saksforholdet vil eg gjerne vera tydeleg på: Etter mitt skjøn er det ikkje tvil om at det er den unge jenta som er offeret i denne triste saka. Ho har hatt og har ei vond tid. Eg som ikkje veit kven ho er, kan berre prøve å hjelpe henne med mi forbøn.

Den omsorga har eg òg for Terje Søviknes og familien hans.

KAARE M.BAKKE, SOKNEPREST I OS