JAN STEDJEjan.stedje@bt.no

Søket vil starte når KNM -Tyr— er på plass klokka 20.00 mandag kveld. Meininga er, ifølgje Arnor Navarsete i Røde Kors, å gjennomsøke Sogndalsfjorden.

Det er kort veg frå studenthuset Meieriet i Sogndal, der Rørvik var laurdagskvelden 24. februar då han forsvant, og til Sogndalsfjorden.

Men ifølge politiet er det ingen vitner som har sett Rørvik gå gjennom undergangen utanfor studenhuset og ned til Sogndalsfjorden.

I helga og i mandag har politiet avhøyrt ei rekkje vitner som var på studenthuset Meieriet, utan at nye opplysningar er kome fram ifølgje politiavdelingssjef Arvid Flæte. På tross av at mange var ute i Sogndal sentrum på det aktuelle tidspunkt som Rørvik gikk frå studenthuset er det ingen som har sett han gå den knappe kilometeren heim til hybelen sin.