ANDERS WAAGE NILSENJAN STEDJE

Miniubåten om bord i KNM "Tyr" fekk vatn i det hydrauliske systemet. Før dei tekniske problema oppstod, vart området mellom Solhov og Gilde-fabrikken gjennomsøkt.

— Vi skulle gjerne søkt i eit større område før vi gav oss, seier løytnant Hans Petter Baade om bord i KNM "Tyr".

Han og resten av mannskapet arbeidde tirsdag på spreng med å fikse ubåten, slik at nattetimane kunne brukast til å søke etter den sakna studenten. Til inga nytte. Ved 2200-tida tirsdag satte "Tyr" kursen nordover.

— Forsvaret treng båten til leiteoppdrag etter fleire sakna personar i Nord-Noreg, seier lensmann Haavard Stensvand i Sogndal.

Store utgifter Ole Ivan Rørvik forsvant sporlaust natt til søndag 25. februar. I tillegg til den store påkjenninga, har familien Rørvik frå Askvoll hatt store utgifter under leiteaksjonen og til opphald i Sogndal.

For å støtte dei pårørande tok Røde Kors Hjelpekorps i Sogndal initiativet til en innsamlingsaksjon.

— Kontoen i SpareBank1 Sogndal veks for kvar time, seier banksjef Frank Bjørndal til Bergens Tidende.

Han vil ikkje bli overraska om kronerulling mellom tilsette på bedrifter, samt beløp både frå bedrifter og organisasjonar, kjem opp mot 100.000 kroner til slutt.